lørdag 11. juli 2026

Motivasjonen auker...

Eg var litt nervøs/spent etter 1. innlegg,
men det har gått bra.
No kjenner eg at det er tida for neste kapittel.
Eg tok turen i går og, tidleg om morgonen,
før sola vama som mest, og gradene vart for høge...
Underveis la eg inn nokre øvelser,
og ruta vart litt lenger.
I dag var disen på vei ut i havet
då eg kom ned til stranda.
Eg har valgt denne runden,
fordi der går eg på ulike underlag.
Eg kan og endre på lengden,
samt legge turen innom topper på sanddynene,
når eg er klar for det
av og til kikka sola framom 
fargane vart så fine mot det mørkeblå ute i havet
tørr laus sand, fast sand på stranda, stein og sti
det gjer visst godt å få ulike bevegelser i kroppen - har eg høyrt
eg vart litt fasinert av skyer og farger på min vei..


den største stranda på Nærland,
her kan eg gå lenger og lenger, 
etterkvart som kroppen tillet det
eg liker ikkje å trene innadørs,
tankane går då ut i vær og vind,
det er der eg trivest best.
Nede mellom steinane her,
har eg funne steinar eg kan bruke til diverse øvelser.
I dag gjennomførte eg 5 ulike øvelser, x 10 repetisjoner
eg kjenner meg godt førnøgd med meg sjølv..
Nå gjeld det bare å ikkje gå for fort fram,
slik at eg får "idrettsskade"..
eg var åleine i området,
bortsett frå han her..
i dag vart metrane fleire enn i går,
før eg snudde og gjekk tilbake mot bilen
her svinger eg inn til høgre
i laus tørr sand
som snart går over til sti


Kvar gong eg går forbi den vesle haugen der framme,
så høyrer eg same fuglesangen.
Eg har sett fuglen øverst på strå og blomar,
men når eg nærmar meg,
forsvinn han nedover.
Trillene fortset så lenge eg kan høyra dei.
- kanskje han heier på meg...

tilbake ved den vesle brua
 mellom Nærland og Refsnes,
over Saltåa.
målet er å gjennomføre dette to-tre gonger i veka,.
Utferdstrangen i meg,
vil nok at eg innimellom vandrer andre og nye plasser,
og då blir nok denne runden bli bytta ut.
Lag deg ein god dag, der du er!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar