torsdag 18. mai 2017

Slovenia - i sør vest

Medan vi var der leide vi bil med sjåfør i nokre dagar.
Det var ein enkel måte å reise/sjå seg om på.
Turen går i dag i retning Slovenias kyst.
Kyststripa er ikkje lang,
og grenser til Italia og Kroatia.
Første stopp er Postonja Grotte, 
den 2. største av slitt slag i Slovenia
Grotta er eit 24 124 m langt karstgrotte system,
sørvest i Slovenia.
Grotta er 130 m djup på det djupaste,
og er narturlig laga av elva som renn gjennom fjellet.
Etter 1945 vart det bygd ein 5,3 lang bane, 
for å frakte turister ned i grotta.
 det er vanskelig å fotografere nede i grotta,
blitz er ikkje tillatt,
derfor er bileta ikkje heilt topp.
håper de likevel får ein inntrykk av det som er i grotta
 vandreturen går opp og ned,
over bru og berg
 fleire farger og mange figurer
 i grotta lever det mest kjente underjordiske dyret
Vivarij proteus
under sett på tv skjerm
 neste stopp ligg ikkje så langt frå grotta
Predjama borg
vart første gong nevnt i 1274,
og er bygd tett inntil ei 123 m høg klippe
 borga er utvida litt etter litt,
det kan ein nesten sjå inni,
trapper finns det over alt...
om ein ikke har fått nok av trapper inne,
kan ein ta turen 250 trappetrinn under borga,
der finn og eit grotte system tilsvarande Postanja
 i mindre målestokk
 inne frå borga har ein god oversikt over alt som skjer i dalen
 minner oss om ein viss herremann i heimbygda...
 første og eldste delen av borga,
er faktisk ei stor hole inne i fjellet,
neste del er bygd tett inntil fjellet,
så ein er liksom inne i borga heile tida
 om ein tek turen opp alle trappene inne i fjellhola,
oppdagar ein at dei som heldt til her,
må ha hatt god oversikt over dalen
heilt frå starten av
 stopp 3 
eit kort stopp nesten på grensa til Kroatia.
her vinn dei ut salt 
 stopp 4
den slovenske kyst
Piran
ein liten koselig landsby,
der husa ligg tett i tett,
her er palmer 
og mange båter i havna
 vi får ein følelse av sydlegare strøk
 er ein ytterst der ute,
kan ein på klare dagar sjå til Italia 
 Kroatia er der ute 
- ein kan såvidt skimte landet på dette bildet
det går mot kveld,
og snart er sjåføren tilbake for å henta oss..
4 slitne turister er fornøgde med dagens opplevelser..

onsdag 17. mai 2017

Hurra for 17.mai

Eg vil ynskja alle ein fin 17. mai
Gratulera med dagen!

tirsdag 16. mai 2017

Rusletur på Nærland

Sjølv om det er fint å vera på tur,
oppleve og sjå andre ting,
er det alltid godt å kome heim att.
- gå langs havet,
kjenne på vind og sol,
lytte til fugler og sjø
- det er ein fin måte "å riste av seg bystøv"
og finne tilbake til kvardagen 
 det er ein fin men litt vindfull dag
 spor i sand 
viser at mange har gått same turen i løpet av dagen
 ein eller annan har hatt fiskelykke,
og gløymt å ta med fangsten...
 sand, stein og ein trebit
kan setja fantasien i sving
 hestablommen som me seier her
eller løvetann lyser gult i gult over alt
 vinden har teke godt tak i den tørre sanden
laga små hauger bak stein og tang
og fine mønster i sanden
 enno er det litt tidleg,
men somme stader er dyra komne på beite
 hestablommen klorer seg fast over alt..
kalenderen viser snart midten av mai,
- sidan det er og har vore ganske kaldt,
er det nesten bare hestablommen som er i blomst.
satser på litt meir varme,
og at mange fleire fargerike blommar snart dukker opp.

søndag 14. mai 2017

Byvandring i Ljubljana, Slovenia

Nå er eg tilbake fine dagar i Slovenia.
Eit land som eg er blitt glad i,
eit land som har mykje å by på,
her er historie, kultur og mykje anna.
Er ein på leit etter strand og badeliv,
så finns det og,
men kyststripa er ikkje lang.
I dag blir det byvandring i Ljubljana,
hovudstaden med ca 270 000 innbyggere.
Fansiskaner kyrkja ligg midt i sentrum
 vi tok turen opp til Ljubljana festning
oppe frå tårnet såg vi ut over by og land
  Rådhusplassen 
 rådhuset til høgre med grønt klokketårn
 her er smale gater og smau
 elva Ljubljanica renn gjennom sentrum,
 mangt å sjå når ein vandrer langs elva
 fleire fine bruer bind bydelane saman
 et par gamle sletne støvler kan brukast til så mangt
 båtar med turister går oppover og nedover elva dagen lang
 Tromostovje - trippelbrua
 dragebrua
 litt grønt mellom alle husa
 nasjonal - og universitetsbiblioteket
 smale tverrgater
 når ein ser nærmare etter,
er det nok brukt fleire stilarter på dette huset
 fredelig å vandre langs elva
 så er det vår tur til å vera med på båttur
ein fin by å vera i...