fredag 13. september 2019

Motorkonvoien 2019 Stavanger-Lillehammer

Motorkonvoien 2019 - Kultur på hjul
lange rekker med biler,
frå sør og nord,
aust og vest,
alle med same mål: Lillehammer.
Tidleg morgon, ein dag i juni,
rulla den eine bilen etter den andre,
 inn på plassen framfor oljemuseet i Stavanger.
Av alle bilane som møtte,
vart ca 30 med oss på turen.
Det vart haldt apell, og vi blei ynskja lykke til på turen.
 18 av bilane frå Stavanger/Jæren/Dalane områda
var med heile turen til Lillehammer
 ferje mellom Stavanger og Jørpeland
 godt stua mellom store tankbiler
 været var skiftande på heile turen
 ferje frå Hjelmeland
 her var himmelen nesten blå svart
 På sand var første stopp,
her kom fleire biler til,
og nokre snudde og reiste heim att.
Det er ein del av opplegget, 
at biler kjem og hopper av.
"vil du være med, så heng på"
 Det viktigaste er å vise mangfoldet.
 alle plasser vi stopper,
er ordfører eller stedfortreder på plass,
og seier litt om konvoien, historie, m.m.
for å skape blest om arrangementet.
veiavgift, drivstoff er og ofte nevnt.
Desse bilane kan ikkje bruke nyere typer drivstoff.
 under heile kjøreturen er kameraet klart
for å få med flest mulig biler
frå den lange kjøreturen
 rett som det er ser bilane bak,
ei hand og eit kamera 
som strekkjer seg ut av vinduet og opp i lufta.
Det vart og mange ubrukande bilete,
humper i veien, feil sving,
 fjellknauser, tre og busker skjuler bilane.
 over Haukeli vart det merkbart kaldare,
mange snøflekker heilt ned i veikanten, og is på vatn
 somme liker å kle seg tidsriktig og /eller til bilen
 konvoien svinger seg gjennom mykje fin natur
 køyrer gjennom bygder og byer,
sjølv om det er regnar,
er oppmøtet stort der vi stopper
 gildt å sjå på "gammebilslangen" som bukter seg framover
 på norsk motorhistorisk senter
vart vi ein del av utstillinga den tida vi var der
 vi køyrte mykje på småveier,
og mindre på hovudveier
 Norsk samferdselhistorisk senter
 her enda konvoien den eine dagen, 
og starta på ny dagen etter
 her er blant anna den gamle kongevogna utstillt
vi er i gang med siste dag,
og vil nå Lillehammer ein gong utpå dagen
 eit siste stopp
her møtes konvoier frå sør, vest og sørvest
 det er godt å nå fram til Lillehammer,
etter lange dager i bilen.
 eg kjem tilbake med eit par innlegg til,
frå dagane i Lillehammer.

søndag 8. september 2019

Fint ved sjøen i kveld

Både to og firbeinte var ute på vandring i godværet.
 desse kvigene gjekk rundt og rundt,
på "oppstien" og "nedestien"
 sola var på si ferd mot havet,
det var vindstille og god temperatur
 det var nesten som om ein bare ville vera her,
og nyta stillhet og ro
ein sjeldan fin og stille kveld på Jæren
God kveld!

lørdag 7. september 2019

Skyer etter regn...

Etter ein våt og grå start på dagen,
kom sola fram 
og skydekke blei til store fine skyer
 eg var ikkje sein om å finna fram sykkelen
 turen gjekk langs åker og eng
 til sjøen.
 Dette er eit fint område,
til mange formål, bl a tur
 Her er lite som stenger utsikten,
ein fin plass 
når eg vil sjå skyene på som strekkjer seg utover Jæren
når eg er ute på sykkelen,
er  det enkelt å stoppe, over alt...
 skyer og vei - så langt auga ser...
Ha ein fin lørdagskveld!

mandag 2. september 2019

Brusand - Holmestø

Det har nettop regna 
og mørke skyer heng forsatt over Brusand,
då eg starta på dagens vesle utflukt
 det er nesten som om skyene tek nedi sanddynene
 himmelen vert meir og meir blå,
og sola varmer
 lufta er friskare og det er eit haustleg drag
lastebåten går like utanfor
 Raunen eller Raudn som vi seier på Jæren
 Raudn langt der ute
 Nausta i Holmestø
 her er fint å sitje i solveggen,
kjenne sola varme
ete nistepakken
sjå utover sjøen.
I dag vart det og ein god samtale,
med ei anna turglad fotodame.
 Dette er eit mykje brukt turområde
 her er så mangt å sjå på
for liten og stor,
Her er lett å gå,
og mange steiner å klatre på
 hjerteforma stein
 steinansikt
 lette skydotter sig sakte over Brusand og Fuglstadåa
God ettermiddag/kveld!