onsdag 4. januar 2012

Året 2011 i bilder del 2

I august var det tid for ferie
og ein tur til vestkysten av Sverige.
Vi hadde ein flott tur til Gullholmen,
den vesle bilfrie øya utanfor Orüst.
 I Kungelv, vandra vi på historisk grunn,
med eit besøk på Bohus Festning
 - tilbake i Norge besøkte vi Kongsvinger ,
- her vart det meir historie,
med slektstreff og vandring i min tipp tipp tipp oldefars fotspor, 
som ein gong i tida var kommandant på Kongsvinger Festning 
 - i august nådde eg "dei store høyder"
då eg klarte å gå opp på Jarstadheia, ved Dalsfjorden i Sogn og Fj. fylke
- eit mål eg hadde drøymt om ei tid.
 September, ja det er månaden for vår bryllaupsdag,
2011 var eit merkeår i så måte, då vi runda 30 år som ektepar.
Vi var bortreist på dagen,
og markerte dagen i Berlin i saman med våre barn. 
 - i flott september vær drog vi med båt til Sør Hidle, ei øy utanfor Stavanger.
- her har ein hage entusiast byrja med å laga ein hage til seg sjølv,
men som no har blitt eit vakkert og populært turmål for mange.
Folket på Flor og Fjære lever av turismen i sommar sesongen, 
- henting med båt i Stavanger, 5-9 retters middag og rundtur i hagen.
Ein flott opplevelse!
 1.oktober, ein dag med over 20 grader
-ein ny båttur, denne gongen innover i Lysefjorden.
I ei vik eit stykke inn i fjorden, kan ein sjå dette hjerta i fjellveggen.
 Lysefjorden representerer mine turar langs kyst og fjord, i Rogaland.
Eg nådde ikkje over heile fylket i 2011,
men har ein tanke om å fortsetja rundturen utpå våren.
 - i oktober blomstrer løvetannen på ny
 - I november er det ennå mildt og vinteren held seg borte.
- Breiavatnet, Stavanger
 - i slutten av november hadde eg eit oppdrag,
langt inni skogen på aust sida av Norge.
Flott å gå tur i vindstilla, langs speilblanke vatn.
 - I desember kom den første og nesten den einaste snøen, på desse kantar
 - som vanleg smelta snøen etter kort tid
 - i staden datt regnet i bakken, i store mengder,
og Håelva gjekk over sine bredder.
 - kvit jul vart det ikkje i år
 - den 24. desember midt på dagen, vart det som vanleg graut å få,
 i gamla løå på Serigstad, Bryne.
- ein tradisjon som i år samla 40 slektninger og venner.
 - i romjula kom storm på storm,
store nedbørs mengder og høge bølger.
 - dotter mi ved havet i sterk vind
- værmessig enda året 2011 slik...
... slik starta og 2012.

9 kommentarer:

  1. A wonderful year of many different sights and events. The garden looks amazing, as do all the landscapes. A beautiful year Ruth.

    SvarSlett
  2. I like those houses near the sea! Ruth. It is a beautiful series!!!!

    SvarSlett
  3. Herlige opplevelser i løpet av året.
    Mange flotte bilder
    Ønsker deg en god dag :)

    SvarSlett
  4. Så mange flotte bilder fra året som gikk!
    Du må ta deg en tur å se på smien, vi har kjørt forbi i flere år, men stoppet for første gang forrige uke. Ble gledelig overrasket over hvor fint der var.
    Mette

    SvarSlett
  5. You enjoyed your 2011 and now I wish you a very nice 2012 with health, lucky and a lot of tours.
    I love Norway!!
    Kiss.
    erika

    SvarSlett
  6. Ooo Ruth, lovely photos and memories!!!
    I like so much the last photo!
    I like Norway!

    SvarSlett
  7. Takk for rundreisen Ruth.Den var storveies:))

    SvarSlett
  8. Den andre halvår var like god som den første. Gratulerer med bildene av 2011, suksessen i 2012!

    SvarSlett
  9. Så kjekk årskavalkade!! Kjem nok tilbake her! :-)

    SvarSlett