tirsdag 19. juli 2011

I denne ferie tid er eg ein av dei som held hjula i gang...
det vert mykje arbeid og lite tid til blogging og fototurar.
Er bare innom ein liten tur, men kjem sterkare tilbake om ikkje så lenge.
Ha ei fin veke.
.
Lev i nuet
vent ikke til i morgen,
plukk livets roser i dag.

fredag 15. juli 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord.... og topptur

Eg er tilbake i Forsand kommune
på den innegjerda parkeringsplassen Skrøylå
Dette er utgangspunktet for dagens fjelltur.
.
 - parkeringsplassen ligg flott til innimellom fjella
.
 - vi går innover på traktorveg
.
 - innimellom trea ser vi ned på Lysefjorden
.
 - det vert slutt på buskar og tre
her vert det ope og ein ser snaue fjell på alle kantar.
- vi forlet traktorvegen og går i den retning som skiltet viser
.
 - vi går over den smale bru....
.
 - planen var å koma seg opp på dette fjellet
og litt ned i lia på andre sida
- eg har høyrt at ein kan sjå Preikestolen derifrå...
 24-25 grader, høgfjell sol og vindstille
det vart litt for varmt for oss to vandredamer
 .
  vi sette oss ned på ein stein
såg på det flotte området vi var i,
lytta til bekkebrus og stillheten rundt oss.
.
 - sjølv om det var litt vanskeleg
måtte vi riva oss laus frå roen og freden her oppe
og ta fatt på nedturen
.
 - der nede på Fossmork/Fossmark
har dei gjort seg ferdige med slåtten..
.
 - ferja frå Lysebotn er på veg utover i fjorden
.
 - ferja vert liten mellom desse høge fjella
.
Det vart ikkje topptur på oss denne gongen,
men vi skal tilbake seinare og fullføra turen.

onsdag 13. juli 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

 BOKN del 2
.
 Dette vatnet ligg på innsida av vegen
ein bekk renn under vegen
.
 og ut i Jøsenvågen.
.
 På Gunnerstad spaserte vi langs vegen
.
 - forbi eit småbruk
.
- der sauer beita innafor gjerdet
.
 - langs vegen veks det store eike tre
.
 -  greiner har vakse ilag over vegen 
 .
 - vi ser ned på Gunnerstad vatnet
.
- på andre sida av vatnet ligg Boknafjellet, 294 moh,
det høgaste punktet på Bokn.
Fjelltoppen har vore lett å kjenna att,
og orientera seg etter på sjøen.
Navnet Bokn skal tyda seglingsmerke.

lørdag 9. juli 2011

Tur på stranda under mørke torden skyer....

Det er tidleg morgon, store regndråpar dett i bakken,
det bles og store mørke skyerheng lågt over bygda.
Eg har på regnklede og gode sko,
før eg reiser til stranda for å gå tur.
.
 Her har det slutta å regna, det tordnar og bles,
dei blåsvarte torden skyene heng nesten nedpå stranda.
.
- nokre fuglar svingar lett over dei blågrå bølgjene
.
 strand, hav og himmel går nesten i eitt
.
 - med eitt kom eit lite solgløtt - som forsvann like fort som det kom...
.
 - innimellom nokre steinar har nokre blomar funne ei god krå
.
 - ein frisk og god tur, sånn på morgonkvisten.


torsdag 7. juli 2011

Steingard, blå himmel og eit par skyer....

- ein liten stemnings rapport frå mine trakter
i dag har vi hatt sommarvarme, sol og litt vind (som alltid her)
Eit gamalt segn seier det slik:
- sjølv på den mest vindstille dagen på Jæren,
 blåser det bort ei høne...
.
på jærsk vil det lyda slik:
- sjøl på den stidlaste dajen på Jæren
så blæse dæ vekk ei høna...
.
 - omtrent alle bileta er frå steingarden
som går rundt den gamle kyrkjegarden her på Bø.
Kyrkja brann ned i ca 1820, no er det berre tuftene att.
 .
 - Kyrkjegarden ligg tett opp til vår eigendom,
- tre steg frå vår hage.

mandag 4. juli 2011

Far min..

er ein aktiv pensjonist.
Han er kreativ og får til det meste,
og likar å sjå at det gror rundt han.
.
Eg var innom der i går,
og lurde på om han hadde nokre blomar i hagen no...
Han meinte nei, i år er her lite... (det er mindre enn vanleg)
- Litt fann eg no rundt om...
.

-  arbeidshanda til far....