onsdag 8. februar 2012

Tema kveldsol

- etter eit dykk i arkivet
har eg denne gongen funne fram
variasjonar av solnedganger....
 - tilslutt har eg eit bilete der eg har vendt ryggen mot sola
og fanga eit flott skue mot aust....

 - på desse kantar har det blitt få turar ute,
snøstorm, regn, og atter snøstorm,
 har i grunnen frista mest til innendørs aktivitetar...

torsdag 2. februar 2012

Håtangjen eller Voien som det og blir kalla

Sola skin frå nesten blå himmel,
gradestokken viser nokre grader under null,
- ein fin vinterdag på Jæren.
 - me går langs bondens åker
 - på grusveg langs steingardar
 - nede i vika har isen lagt seg
 - lufta er klar, så ein kan sjå langt og lenger enn langt...
 - skarven står på "sin" stein, ikkje så langt frå land
- isen har lagt seg rundt dei små bryggjene 
 - mot Obrestad fyr
 - her ute ved sjøen er det ein iskald vind
 - det vert ikkje lange stoppet her...
 - typiske snøforhold på Jæren
 - på åker og eng er det omtrent ingenting snø
- alt legg seg mellom steingardane, eller der det finns live for vinden...
Ein frisk og fin tur nede i sjøkanten.

mandag 30. januar 2012

Vinter på Jæren

Dagens bilete er tekne ved to vatn i Time Kommune
det første veit eg ikkje navnet på
  - Melsvatnet 
  -  sola kom fram eit øyeblikk
- gåturen var ikkje lang - det vart kun korte stopp for fotografering...

lørdag 28. januar 2012

Rennedrev heima på Bø

- eller snøstorm,
for den som ikkje forstår lokale ord og uttrykk.
 - når det snør her på Jæren, bles det nesten alltid samtidig,
og vi snakkar om snø som kjem på tvers....
 - vinden virvlar snøen rundt og rundt
 - snøen legg seg i snø fenner - og resten av landskapet er nesten bart
 - haugane med snø legg seg på dei same plassane kvar gong
 -blant anna mellom steingardar 
Rennedrev eller snøstorm er fasinerande...
- så lenge ein kan sitja inne, ha god fyr i ovnen er det morosamt,
men ikkje fullt så interessant om ein må ut på vegen og kjøra bil...

mandag 23. januar 2012

bølgjer, himmel og eit par steinar...

Turen startar på Nærland strand,
- bølgjene har teke med seg mykje av sanden
så strendene her er blitt ganske mykje mindre
 - det er fasinerande å sjå på, når bølgjene bryt så fint inn mot land
 - sola blir borte, landskapet får ein heilt anna fargetone
 - flotte skyer
 - på Håtangen
- sola kjem og går

Slik kan det vera ved sjøen, ein godværs dag på Jæren