onsdag 3. september 2014

Fargerik kveldsstund

Sola har gøymt seg bak ei stor sky,
når eg kjem ned til Hå,
Ute i havet har kveldsfargane begynt å visa seg
 - eg rusler langs Håelva,
møter eit par karer som prøver fiskelykka i lakseelva,
elles er det heilt stille.
 Fargane rundt meg endrar seg seg heile tida,
alt etter kva veg eg svinger kameraet.
 - det er lågt vatn i sjøen,
og ei lang "sandstrand" strekkjer seg utover i bukta.
- det er litt vått, men eg rusler utover så langt det let seg gjera
 - Obrestad fyr ligg litt lenger sør
 - dagen går over til kveld,
sola daler raskt ned mot havflata
 - Hå Gamle Prestegard i kveldssola
 - fuglane tek ein siste sving over bukta,
før dei går til ro
(kanskje dei vart forstyrra av ein ivrig fotograf...)
 - sol, skyer, sjø
 - det er så godt å bare vera her,
lytta til fuglesang og bølgeskvulp,
og ta til seg av stillheten og roen som rår.
.
 - den skarpe oransje/røde fargen bleiknar
og ein annan del av fargeskalaen viser seg fram
 - som ein liten kvit prikk blant mørkare skyer,
gjer månen seg klar til si nattevakt.
- naturen baud på alle regnbuens farger,
- eit vakkert skue, ei stille kveldsstund.

søndag 31. august 2014

Kvernhuset i Risaskogen

Risaskogen, på Risa i Hå kommune
 - i skogen finns det mange hasselnøtttre
 - ikkje langt frå veien,
godt gøymt mellom store tre og buskar
ligg det gamle kvernhuset 
 - kvernsteinen vart sist brukt til bord,
- men det er visst nokre år sidan,
at nokon tok seg til til å eta nistematen her
 - hausten er på vei
 - kvernhuset ligg så fint til,
der inne mellom alt det grøne
 - kverna er borte,
det er berre bekken som fortsatt sildrar og renn
 - ute av skogen,
renn Risabekken vidare på sin veg mot Hå elva

fredag 29. august 2014

Farger og skyer i soloppgangen

Det heile starta med ei lita fargerik stripe i aust.
Der eg står er himmelen blå/grå og små lette regndråper daler ned.
 - i det mørke skylaget danner det seg fleire sprekker
 - skyer og farger endrer seg frå minutt til minutt
 - ei spesiell skye danner seg over naboen sitt hus
- fargane er mange og varierer
 - med eitt vert den ein opning rett framfor sola
 - ei samla lysstråle strekkjer seg ut over Jærhimmelen
- eit vakkert skue..
I skrivande stund har himmelen ein farge: grå
vind og regn har auka på...

mandag 25. august 2014

Eikemo i Masfjord

I ein liten dal,
gøymt mellom fjell og ur
ligg to små gardsbruk.
Morgonsola er komen opp over åsen
då eg rusler ein runde på det eine bruket
 - blomane på tunet har dogg og regndråper på
 - graset er vått, og dråpane skin som tusen små soler
 - eg vert var eit lite spindelvev med mange dråper på
 - lilla blomar strekker seg mot morgonsola
 - flittige humler arbeidar med sitt
 - elva renn stille gjennom dalen
 - litt større dyr har vore her i løpet av natta,
eg kjenner eimen av vilt.
Når eg ser nærmare etter, 
så finns det tydelege spor i graset,
der hjorten har gått
 - eg er ikkje åleine ved elvekanten,
ein frosk hopper mellom gras og strå,
her er fuglar som kvitrer,
og fisk som vaker,
mang ein sommarfugl fyk frå blome til blome på lette vinger
 - her er det stillhet og ro som rår
  - i det fjerne høyrer eg at elva bruser,
der ho brøyter seg fram mellom steinar og fjell
 - her er tydelige tegn på at det går mot haust
 - eg passerer det gamle markaleet (grinda) som ikkje lenger er i bruk
før eg igjen er tilbake på gardstunet
 - morgonen er blitt dag
då eg gjer ein ny tur - denne gongen i bil.
- til den stadan der elva på Eikemo renn ut i havet.
Godt gøymt bak buskar og tre,
kan ein sjå ein større foss 
 - etter nokre meter på ein litt usynleg sti
får ein full oversikt over eit flott fossefall.
Fossen har to utløp,
elva frå Eikemo er på høgre sida
 der fossen møter havet,
var det ein gong i tida eit sagbruk,
- i dag er det berre eit falleferdig skur som er att
 - Eikemofoss renn ut like under gardsbruket på Solhaug
- ein stad langs den lange Masfjorden,
heilt nord i Hordaland Fylke
- Norge er eit vakkert land...