onsdag 5. august 2009

Min heim

I løpet av dei siste vekene har ungane pakka sakene sine og teke vingene fatt. Reiret er no tomt.
jaja, tomt og tomt, dei har pakka det dei vil ha, og resten.....?
det er vel mor sitt arbeid det, til å hiva ut alle hybelkaninar og anna rask....?
Det arbeidet har eg starta i dag - det vert vaskebøtte og langkost vals, i staden for tur og trening.....

Dette biletet har eg fått av fotografen.
Det viser deler av Nærbø, den kanten som me bur på, og vår gard ligg sånn omtrent midt i biletet.
Garden er blitt eit offer for utbyggjinga, då deler av jorda allerede er nedbygd.
Ein kan ikkje lenger leva av garden, vi forpakta bort jorda for meir enn 10 år sidan.


utsikt over bygda ein disig morgon


litt eventyrleg når disen ligg over åker og eng

me bur på ei høgd, og har utsyn over store deler av bygda

Ha ein fin dag!

10 kommentarer:

  1. Du har ikke fått med huset til min søster og familie. Men de bor kanskje også på jord fra garden deres? I Roskdalen?
    De er heldige å har fått tomt helt i utkanten så de har utsikt over utmark på ene siden. Det er tett med hus der det er helt sikkert.
    Utrolig mange hus er bygd ser de siste årene. Ser på Bryne også at det kommer nye hus og blokker stadig vekk. Forstår ikke at det skal være så stort behov for nye hus. Hvem bor i de gamle? Men når mange familier har to "hus" hver så trengs det jo en del. Her er det i hvertfall mange hus som blir brukt som fritidsboliger.
    Flotte bilder av morgendisen.
    Ha en god vaskedag :)

    SvarSlett
  2. Fine bilder med disen :-)
    Trur ikkje "huset mitt" viste på det første bildet....... :-(
    Men kjenne området ;-)

    Ha en fin dag!!

    SvarSlett
  3. Hei.

    Også jeg likte godt tåkebildene.

    Og så likte jeg veldig godt
    bildene av homla som "graver
    seg ned i det gule blomsterstøvet".

    Ha det bra. Og stå på ; )

    SvarSlett
  4. Flotte de tåkebidene og de med humlen på forrige innlegg
    Ha en fin kveld videre.
    Klem

    SvarSlett
  5. Vakre dis bilde!
    Det er trist når god jord blir bygd ned, men den trenden kan me ikkje snu...
    Her hos oss leiger me eitpar småflekker. Det eine er selt til kommunen og på deler av det er det no bygd eit fabrikkanlegg. Der gjekk 40 % av kubeitet vårt. No er det planar om utbygging på deler av resten også. Me treng så sårt til denne jorda som ligg tett inntil vår, MEN me har vel ingenting me skulle ha sagt... Det er ikkje eingong vår jord...

    Det blei litt tomt i heimen etter at dei håpefulle reiser etter ferien her også.

    Ha ein fin torsdag :)

    SvarSlett
  6. Fjordheim: roskdalen er ikkje av vår jord. Alt me ei gong eigde viser på dette biletet. Alvalia var vårt ei gong. Den marka som her er tom, bortanfor kyrkja, er nå under utbyggjing, var og vår.
    Husa står tett i dag, det er heilt sikkert - og endå tettare skal det verta.

    rodihob: nei, huset ditt er ikkje med på biletet.

    Laila-Karin og Nyperosa:Takk for god kommentar.

    Marie: Klart det er trist når gardane forsvinn. Me har halde på den sist selde jordlappen i 25 år, etter at kommunen ville ha jorda første gong. Når vi bur så tett ved sentrum og byggjefelt så vil det gå den veien. Bygda veks, og ein plass må folk bu.
    Sjølv om fortetninga gjer at bueinheitane vert mindre, så går det likevel mykje jord med.

    SvarSlett
  7. Eg er samd med deg i at det er både rett og godt at dei unge flyttar ut og etablerar seg. Noko hadde vore feil om dei hadde gitt seg til heime på permanent basis.

    Døtrene her i huset flytta på hybel då dei var seksten begge to, deretter har dei ikkje budd fast heime. Eldste jenta som no er 32 jobbar som førskulelærar i Ski ved Oslo. Dotter nummer to er student i Bergen. Sonen vår bur i Haugesund, der han jobbar på butikk for tida.

    Sonen kikkar heimom rett som det er, men døtrene ser me sjeldnare. Det er akkurat etter at dei har reist at det blir så tomt her heime. Det hadde vore kjekt om dei budde litt nærare, men i denne full-elektroniske tid er dei berre ein sms, eit tastetrykk eller ein telefon unna. Det viktigaste er at dei trivst der dei er :)

    SvarSlett
  8. flotte bilete...
    du veit at å ta grundig husarbeid er ikkje verste trimmen det heller om det kan vere til trøyst ;-)

    SvarSlett
  9. Å ja, husker godt da jeg flyttet ut av reiret. Topp! Men bare 500 meter da, hjem til middag,)Men så bar det til Oslo noen år etter, og så til Trondheim der jeg forelsket meg i mann, vær og vind, natur og livsstil:)

    Utrolig flotte tåkebilder fra deg her!

    :)

    SvarSlett