Sjølv om vi ennå har sommarferie, og har liten følelse av haust, så går det klart den vegen.
når eg ser på blomar og tre i hagen (dei som har overlevd gravinga) så er det ikkje lenger tvil om kva veg det går...
blomane begynner å endra farge, mot grått og brunt...
dei heng og litt meir med hovudet
eit epletre har fått stå, og har i år vist at det er poda, med to sortar eple på greinene
eit epletre har fått stå, og har i år vist at det er poda, med to sortar eple på greinene
"stankelbeinen" er på plass, som kvar seinsommar
........
Eg for min er glad for at det går mot haust, og at lufta vert kaldare, slik at eg kan verta meir aktiv igjen.
I ferien var vi i Tyskland, der gradestokken viste over 30 grader så og sei kvar dag. Eg vart innaktiv, kroppen likar ikkje slik varme. Det største problemet mitt er føtene. Eg får store smerter og blemer når eg går i varmen.
Dagane heime etter ferien har vore vonde, og eg har sete mykje stille.
Når eg gruer meg for å gå over stovegolvet, vert det helst til at eg vert sitjande.
Derfor ser eg fram til kaldare dagar og at føtene blir betre, slik at eg igjen kan gå mine turar i naturen.
I dag gler eg meg over at eg kan gå i bassenget, til og med to gonger.....
Ja det går mot haust. Eg gleder meg over alle dei flott fargene og den klare luften. Men eg skulle gjerne hatt sommeren lenger.
SvarSlettMen kan godt forstå at du gleder deg til kaldere dager.
Godt at du klarer å svømme.
Ha en god dag :)
Uff, du må ikje snakke om stankelbein - hadde angrep av ein i natt i senga mi! Æsj!!!
SvarSlettMen ble kvitt den da...
Ha en strålende dag
Ja nå er høsten her for fullt snart.
SvarSlettUtrolig fin steinmur dere har laget! Den likte jeg godt.
Ha en fin dag og lykke til med knekkebrødbaking, hvis det blir aktuelt...
Klem Lenemora
´Det er også meget varmt i vejr her i DK. men blomsterne begynder være lidt kedelige at se på, men så kommer jo alle de skønne efterårs farver .Jeg bryder mig heller om, når der bliver alt varmt,har det bedst når der er ca. 23 grader.Håber for dig, at det snart må blive køligere, så smerten forsvinder fra dine ben.
SvarSlettKan du have en rigtig god torsdag
Ja no er det snart september og det går definitivt mot haust!
SvarSlettEg er så imponert over murearbeidet som er gjort rundt hagen din! Fantastisk!