søndag 24. juli 2011

Dugnad

 På Serigstad i Time ligg det eit lite gardsbruk.
Det er gamalt og bygningane har ikkje blitt opp pussa på mange år.
Ei ung jente har no overteke eigendomen.
Ho er no igang med det store arbeidet å setja i stand bygningane.
Fagfolka skal ta seg av restaureringa, men riving vert gjort på dugnad.
Familie, slekt og venner er invitert til å gjera ein innsats.
Det er ein grå og våt dag dag,
men litt regn stoppar ikkje ein ivrig arbeidsom Jærbu.
.
- fram til i fjor var det berre utedo her på bruket.
.
 - vesle Tinka spring rundt føtene på arbeidsfolket
.
 - i denne omgang er det løa som skal restaurerast
.
 - pannene vert stabla i kasser for seinare bruk
.
 - Andreas gås stod på same steinen heile tida
og haldt oversikt over det som vart gjort.
Enkelte vart godvenn med Andreas og fekk klø han på nakken.
.
 - pannene er nede og no skal det rivast innvendig
.
 - vel, enkelte tek seg opp på taket
for å løysa plankene frå utsida.
.
 - sidan denne fotografen ikkje trivst inne i slike støvfulle hus
tok han seg ein runde rundt husa på fotojakt.
.
 - her er litt av det eg såg rundt omkring.
.

 Væren Alma litt vilter og folkesky
 .

Mange var med på arbeidet, så rivinga gjekk unna i ein fei.
Dugnadsånda lever fortsatt på Jæren.

5 kommentarer:

  1. It's a very nice serie Ruth,
    very well done again.

    Greetings, Joop

    SvarSlett
  2. Variert og flott bildeserie Ruth.
    Ønsker deg ei god uke.
    Berit.

    SvarSlett
  3. Kjempefine bilder dette,og så gøy å se at folk hjelper hverandre når det trenges.
    Ha en fin søndag:)

    SvarSlett
  4. Spennende restaureringsprosjekt! Kjekt når man er mange sammen!

    Nydelige bilder Ruth! Særlig siden jeg nettopp har vært i traktene dine, og kjenner igjen steingardene mm;)

    Ha en fin kveld!

    Jeg har blogget masse om uken vår på Sola! En kjekk uke ble det. Med varierende vær!

    Klem fra Turid;)
    Skulle gjerne ha truffet deg, men datteren og barnebarnet var sammen med oss til onsdag. Og foreldrene mine hele uken! Men neste gang Ruth....:)

    SvarSlett
  5. I like very much horses, flowers and ram.
    Have a nice summer!
    Erika from Italy

    SvarSlett