lørdag 28. desember 2013

Abel Tasman National Park - vi går i land...

Awaroa beach - her går vi land, for nokre timar..
 - gyllen strand og klart vatn - idyllisk spør du meg.....
 - som eg har skreve tidlegare er det fleire meter forskjell på flo og fjære
- når vi kjem til stranda er sjøen omtrent på det laveste.
Sandbanken vert skjult under vatnet når sjøen stig igjen.
 Vår vert og guide vil visa oss meir om korleis landskpapet endrar seg,
 ved flo og fjære.
Vi går frå sjøen innover stranda, over ein lita sanddyne,
og finn nærmast ein stor "ørken"
 - båten er og på tørrt land...
 - dette er eit område som viser seg fram,
kvar gong det er fjøre
 - interessant og fasinerande....
 - vi rusler bortover mot enden av stranda
 - enkelte tek seg eit bad på veien - andre har nok med å vasse litt...
Deler av ozonlaget mangler på New Zealand,
vertskapet har formana oss om å vere forsiktige ute i sola....
Under stor nyinnkjøpt solhatt og innsmurt med sunblock 50,
 er fotografen er oppteken av små og store fotomotiv....
- fargerike og fine skjell var det mange av... 
 - ved enden av stranda,
 - går vi opp stien og mot Awaroa Logde. 
Her finnes både restaurant og hotell - sånn "midt i bushen"
Awaroa er og eit utgangspunkt for lengre fotturar.
Om du studerer biletet under nøye,
oppdagar du kanskje innimellom buskar og tre, godt skjult frå stranda,
ei lita flystripe - for mindre fly.
 - stien går mellom buskar og tre
 - i eit grønt og frodig område
 - revebjeller ser ein mykje av i dette området av New Zealand
 - hotellet ligg nærmast i ein oase
 - vakkert....
 - etter eit godt måltid under parasollen på hotellet,
rusler vi tilbake til stranda
 - ikkje mange gjester på stranda.....
- eit nytt bad og vassing medan vi venter på båten... 
 - vi er på plass, men kor blir det av båten....
- litt forsinka er vi på vei tilbake til utgangspunktet...
- eit fint stopp, - i vakker natur...

6 kommentarer:

  1. A wonderful place on earth.....very nice photo's Ruth.

    Greetings, Joop

    SvarSlett
  2. Nydelig bildeserie!
    Sommer på de kantene nå!

    SvarSlett
  3. Ser at du har tatt en tur bort fra det kjente og kjære. Kan være fint det og i følge bildene dine. ser ut til at dere har koset dere i varmen. takk for hilsen! Håper du har det bedre nå. Jeg ønsker dere deg og dine alt godt for det nye året! Klem fra Margit.

    SvarSlett
  4. Herlighet, så flott det er! Det er bar å drømme seg bort......

    Fortsatt god ferie!

    Klem

    SvarSlett
  5. Nydelig!

    Ynskjer deg og dine eit Velsigna Godt Nytt År!!

    SvarSlett

  6. Oi, ka du opplever : )

    Godt Nytt År.

    SvarSlett