lørdag 21. desember 2013

Abel Tasman National Park - dagstur med båt

Sol frå blå himmel og vindstille,
ein vakker vårdag på New Zealand.
Dagen er sett av til ein båttur langs kysten,
i Abel Tasman nasjonalpark.
Vi befinn oss nord på sørøya, i bukta Tasman Bay.
Ved Kaiteriteri strand,
vert båt etter båt fyllt opp med turister.
Nokre skal vera med på heile båturen, 
andre har avtale om å gå av på ei strand, gå ein tur i parken 
og bli plukka opp på ei anna strand.
Vi skal vera med til nest siste stopp,
ha nokre timar på stranda,
og bli plukka opp neste gong båten gjer eit stopp der,
 - undervegs gjer båtane mange stopp, 
bl.a.for at turistane skal få fotografera kjende stader 
 Split Apple Rock
Hoved bergart langs kysten er ca 135 millioner år gammel granitt.
Granitten finnes i naturlige skillelinjer, 
og brytes deretter ned,
for å danne gyllen kvarts sandstrender
som er karakteristisk for denne kysten.
 - midt inne i nasjonalparken,
finnes det nokre private strender....
det finnes ingen bilveg til området, og alt må fraktes hit med båt.
 - turen går på nesten stille sjø, langs kysten, innimellom holmer og skjær
 - kajak er eit poplært framkomsmiddel
 - her er ofte lang grunt, så båten kjem ikkje alltid inn til land.
Då stopper vi eit stykke frå stranda 
og venter ein at mindre båt skal bringe og hente passasjerer
- mellom strendene dukker det opp berg, holmer og skjær i mange fasonger 
 - midt uti fjorden gjer båten eit ekstra stopp...
eit 20 talls delfiner vart ein ekstra attraksjon denne dagen.
- ser du godt etter, oppdager du kanskje ein sel mellom steinane.
Denne øya vart brukt til barnehage for mindre selungar,
nokre vaksne selar er saman med ungane, medan andre dreg på jakt etter mat...
- Ei anna øy like ved, vert brukt til å ta ekstra godt vare på babyselane...
 - gylne strender og klart hav - vakkert syn
 - nest siste stopp på ruta, er Awaroa beach.
Her går vi av og blir verande nokre timar,
noko som eg kjem tilbake til i neste innlegg....
 - medan vi har tilbrakt timar på ei gloheit strand,
har vinden auka på og bølgetoppane blitt kvite,
- det vart litt friskare på heimturen
 - tilbake ved Kaiteriteri strand,
er himmelen snart grå av skyer
- ein fantastisk tur, i eit vakkert landskap...

4 kommentarer:

  1. A wonderful serie Ruth .....amazing so much nice pictures.

    Merry Christmas to you.

    Greetings, Joop

    SvarSlett
  2. Du verden! Dette skulle jeg gjerne ha opplevd. Takk for vakre bilder og informativ tekst!

    Riktig god jul!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  3. Que Deus abençoe seu Natal
    seja uma noite linda junto dos seus familiares,
    pois é uma noite muito especial.
    Que as estrelas dos céus brilhe sobre
    todos nós.
    Obrigada por ter convivido
    comigo mais um ano ,
    que você contiue com um lindo sorriso sendo
    anjo bom na minha vida.
    Um abraço e meu carinho.
    Um Feliz Natal para você e sua preciosa
    família.
    Que o amor de Deus
    esteja em nossos corações sempre.
    Carinhosamente, Evanir.

    SvarSlett
  4. Hmmm... Me e på vei.
    Eller... jeg skulle ønske jeg var på vei, til New Zealand.
    God Jul fra Rogaland.

    SvarSlett