onsdag 17. april 2013

Lite uteliv = lite blogging....

Når formen ikkje er på topp,
-  "godstolen" er den plassen ein syns best om,
- når lyst og energi ikkje er på plass,
- når kroppen ikkje orkar ein tur
- ja, då vert det lite å blogga om....
Slik har det vore her den siste tida....
Eg har sett på solnedganger frå stova
 - dette blir siste solnedgang frå stova i denne omgang,
framover våren og sommaren, må eg på stranda for å fylgja sola heilt i havet
 - vinteren har vore lang og kald i år,
gleda var stor, 
då denne einslege mini påskelilja dukka opp i hagen, 
ein iskald april dag
 - det er fint med slike stader der ein kan bruke bil heilt til sjøen,
slik at ein kan nyte solnedgangen utan å gå noko stykke
 - frå stova kunne eg sjå storspovar som landa rett utanfor huset
 - ein kort tur til eit sauehus for å sjå "vårens vakreste eventyr"
 - 3 av 4 søsken
 - nyfødt og ustødig
 - ein tøff start på livet....
 - naboen byrja med våronna - det må jo tyda på at våren er nær
 - snart var dei første plantene i jorda
 - eit værskifte er på gang...
- etter veker med kalde klare frostdagar,
var det ein morgon lilla, grått og blått i soloppgangen.
grå skyer seig innover i landet, vinden auka på og regnet kom..
 - etter eit par dagar tek eg turen Madland havn
- sjøen har roa seg ein del.....
 - eg slutter med eit besøk på Varhaug gamle kyrkjegard.
Her har vore kyrkjer frå den eldste kristne tid.
Den første ein kjenner til, er frå 1328.
 - kyrkja er liten og har bare plass til 14 personar
 - kyrkja tilhøyrer gardsbruka i nærleiken,
men har vore brukt av andre til bl.a. bryllaup
- denne serien er eit kort resyme av dei siste 3 vekene.
No satser eg på "bedre og varmare tider" og at eg snart er på tur igjen....
Tusen takk til alle som besøker bloggen min,
og for alle gode tilbakemeldingar!
Det gleder meg at så mange likar bloggen og bileta mine.
Ha ein fin dag alle saman!

1 kommentar:

  1. Nei ikke alle dager er like. Det er sikkert,men det ser ut som om du er flink til å se lyspunkter. Vakre bilder fra deg som vanlig. Så fine lam.
    klem til deg

    SvarSlett