fredag 19. april 2013

Ut på tur igjen.....

Ein av dagane siste veka,
kom med opphald, mindre vind og god temperatur.
Det var dagen då eg kjende at eg hadde lyst til å gå meg ein tur igjen...
Nærland er ein fin plass å starte, der kan ein køyre heilt ned til stranda.
- eg går sørover, og i enden av stranda ser eg fleire svaner
 - desse to haldt seg for seg sjølv
- eg går vidare
 - på grusvegen langs steingardane
 - eg svinger ned mot Selvåg strand
 - sjøen kan ha mange fargar,
i dag er han mørke blå,
 -  kvite skummande bølgetoppar kjem mot meg når eg kjem ned til stranda
 - med eitt kjem eit par svaner fykande forbi...
 - eg vert aldri av å sjå på bølgjene
 - dei endrar seg heile tida, i størrelse og fasong
 - sjølv om det er vanskeleg å "riva seg laust",
- må eg ta fatt på tilbaketuren, og finna vegen heim til ei varm stove...
Ein frisk og fin luftetur.

1 kommentar:

  1. Nyter denne turen med deg eg. Hörer bölgene som slår mot steiner og kan kjenne duften.
    Nesten så eg kjente susen fra svanene når dem flöy over hodet på deg :D
    Flotte bilder.
    Tusen takk for turen.
    Klem Synnöve.

    SvarSlett