Det har vore ein lang vinter her på Jæren,
enno er det kuldegrader om nettene.
Likevel har nokre krokkusar funne vegen opp av jorda,
dei bærer bud om vår.
- store deler av vatnet i fuglaparken er enno islagd,
men har såvidt begynnt å smelta langs kantane
- over alt såg eg stokkender, mange fleire enn dei som pleier å vera her.
Dei fleste har ein stopp her, og fyk vidare når det vert litt varmare i lufta.
Fru stokkand kviler i sanden
- herr stokkand pusser fjørdrakta
- kalkunen haldt på med sitt
- herr og fru stokkand varmer seg i sola, i lag med mange andre ender
- perlehøna stakk avgårde då eg kom,
om det var kameraet eller fotografen som skremde henne, er litt uvisst
- denne vandra åleine der trea skygga for sola og bakken var frosen....
- sjå på meg, don juanen
med den flotte sveisen...
- "eg kviler, men må berre ha ein liten gløtt på auga,
for å sjå kva denne fotografen driv på med..."
- herr hanefar på veg inn i sitt hus
- fru høne sparkar i jorda og leitar etter noko å eta
- fru påfugl går for seg sjølv
- herr påfugl er oppteken med sin venn, den kvite påfuglen
- den kvite påfuglen er litt sky
- herr påfugl, ein staselig og flott kar
- fuglaparken er mykje besøkt av store og små frå heile Jæren,
sommar som vinter.
Det er morro å sjå korleis fuglane flokkar seg rundt ein,
når ein har med gamalt brød til dei.
Nydelege bilete!
SvarSlettDei vitnar om vår :-)
Vonar du har hatt fin Påske :-)
Mange flotte fugler i fugleparken.
SvarSlettEt koselig sted å vandre rundt.
Så flott å se krokusene. Herlig å følge med på
alt som kommer til å dukke opp av jorda nå fremover.
Kommer nok til å eksplodere nå når varmen kommer.
Ønsker deg ei herlig første apriluke :)
Mycket fina bilder!
SvarSlettNu är våren inte långt borta.
/SA
Be the spring welcome so your park can be even more beautiful. Great pictures!
SvarSlett