Geografisk ligg Eggene ved Eikemo, i Masfjord Kommune, nord i Hordaland.
.
Morgonen renn, det er rimfrost i graset,
sola kjem over fjellet og varmer sauene som beiter nede ved elva...
- sola er komen litt høgare på himmelen då vi er klar for tur.
Eikemoelva renn stille gjennom dalen
- vi vandrer oppover lia,
mest på tuer, berg, myr eller i tørt gras
- jorda er mager, det er stort sett furuer som veks her
(hjorten trivst godt i liane)
- nesten på toppen har vi god utsikt over dalen,
Eikemo med dei to gardsbruka der,
- over på andre sida av dalen,
der ein kan skimta husa på Stallane nesten på toppen,
det nedlagde gardsbruket utan veiforbinnelse
- vi ser innover dalen...
- vi går over toppen
- og litt ned på andre sida.
Her ser vi over, innover og utover Indre Masfjord,
ein fin plass for pause og nistepakke...
- dei krokete og vridde furuene ser vi over alt
- ein kan jo lure på kvifor denne steinen har stoppa akkurat her...
- furua på kanten av stupet...
- vi snur ryggen til fjord og høge fjell
- vi tek fatt på heimturen
- tusenbeinet i lia...
- snart ser vi ned mot vatnet
- og gardsbruka lenger nede
- nede ved elva der turen starta
ein fin topptur,
med mulighet for å gå lengre turar og kome ned andre stader
Så vakkert det er der da, nydelig natur, vær og bilder Ruth.
SvarSlettDet ser ut som en fabelartig tur med den flotte utsikten.
God mandag fra Marit.
Veldig fine bilete!
SvarSlettTakk for "turen" :-)
Nå er det lenge siden jeg var med på turen din. Så fint det er der dere har gått denne gangen. Jeg liker slike forblåste furuer. -Margit-
SvarSlettNok ein flott tur. Eg måtte kika på kartet igjen, og fann plassane. Vakkert.
SvarSlett