tirsdag 27. mai 2014

Ei reise gjennom Slovenia 1

 Dette er eit av fleire innlegg frå ei rundreise i Slovenia.
Eg vert plukka opp på flyplassen i Zagreb, Croatia,
og er berre ein deltaker på reisa,
som mine slovenske venner har organisert..
Nokre av bileta undervegs er tekne gjennom bilruta medan vi køyrer.
.
Første stopp er Pilstanj,
der mora til sjåføren venter med middag.
Pilstanj er ein liten landsby med 12-1300 innbyggjarar
Pilstanj ligg i eit jorbruks og vinsdistikt
Vi gjer eit nytt stopp i Olimje.
I tillegg til å handle lokalprodusert sjokolade,
besøkte vi kyrkja/apoteket her.
Apoteket, det 3.eldste i Europa etter Paris og Dubrovnik,
er fortsatt i drift.
- Pauliner munkane dyrker planter og urter i hagen,
til medisinsk bruk
Pauliner munkane begynnte å byggja denne barokk kyrkja i 1665,
og brukte 10 år på arbeidet.
Kyrkja er eit vakkert syn,
- fint dekorert i svart og gull
- altertavla
- flotte maleri i taket og på vegger
- det er nesten som om ein ikkje kan sjå seg mett på alle dei tusen detaljer som finns
- vi går gjennom hagen og tilbake til bilen
- vi køyrer forbi mange slike låver
dei har ein eller to heile vegger,
elles er det berre stolper og god gjennomlufting.
- dagen går mot kveld,
og vi nærmar oss dagens mål, oppe i fjellet.
Inne mellom trea i Ratece, nær Kranjska Gora,
ligg hytta/huset som skal vera vår base dei neste dagane.
- norsk sjokolade og heimeprodusert handabeid,
til huseigar og venner
- første dag av ei spanande reise i eit nytt land er over.
Gler meg til fleire opplevelser....

2 kommentarer:

  1. Så fint og frodig det var her da. De fine sukulentene opp den trappa. Ikke så frodige her i landet nei. Takk for at du delte bilder med oss.
    Klem

    SvarSlett
  2. Så flott at du deler noe av denne opplevelsen med oss.
    Ser ut som en innholdsrik tur.
    Ha ei fortsatt god uke :)

    SvarSlett