søndag 2. oktober 2016

Olimje, Slovenia

På slutten av vårt opphald i Zagreb,
hadde vi ein ettermiddag,
 vi kunne bruke til det vi måtte ønske.
Vi leigde bil og tok ein liten tur over grensa til Slovenia.
Zagreb er nederst til høgre,
- fingen viser kva for ein grenseovergang vi skulle bruke,
og pila øverst viser kor vi skulle dra.
Med lånt kart fann vi veien ut av Zagreb (via eit par omveier) 
oppover langs motorveien via Kumrovec grenseovergang
og langs ein smal og svingete vi på Slovensk side
fann vi tilslutt Olimje
 - I Olimje ligg klosteret, med kyrkje og apotek
borga som det ein gong var, har vore her sidan 11. århundre
I dag er det Pauliner munkane som eig og driv området,
som dei har gjort dei siste 120 - 130 åra
 - munkane har sin eigen urtehage
dei bruker urtene til å lage produkt som kan brukast til/for så mangt
 - Olimje apoteket er det 3. eldste i Europa,
etter Paris og Dubrovnik
 - i utsalget er det godt utvalg
av teer, flytende miksturer og mykje anna
 - kyrkja er vakkert dekorert
 - i hagen finns fargerike blomar, frukt og urter av mange slag
 - ein liten pus på trappa 
 - like i nærheten av klosteret, 
ligg ein liten privateigd sjokoladefabrikk
- der finns mykje godt å velja i....
- litt oppe lia, med utsikt ned til klosteret
ligg Jelenov- Greben hjortefarm (mm)
 - ein del av hjortane er tamme
besøkande kan mate dei frå handa
 - når eigaren lokkar
kjem dei springande inn på tunet,
store og små får lov å gje dei mat
 - her møter vi våre slovenske venner,
slår av ein prat, koser oss med mat og drikke
 - tradisjonell kake frå denne delen av slovenia
ikkje akkurat små kakestykker...
 - eit lite minne av gjengen,
før vi dreg til kvar vårt..
- ein fin ettermiddag går mot kveld,
 innan vi når tilbake til Zagreb.
Tilbaketuren - utan kart (heller ingen GPS i leiebilen)
vart nokre mil lenger,
då damene ikkje var så gode til å huske veien,
som dei trudde.....
- vel ein annan måte å sjå det på:
vi fekk sett litt meir av Slovenia,
enn vi først hadde tenkt... 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar