onsdag 5. april 2017

onsdagstur nr 6 2017 Bore strand

I dag vurderte eg fleire turmål,
eg har fleire område eg har lyst å vandre i.
Bore strand vart mitt valg,
og eg lurte litt på om eg hadde valgt feil retning, 
når eg kjørte mot stranda.
Det regna og bles ganske godt,
men i det eg parkerte bilen,
stoppa regnet..
Tunge mørke skyer
fulgte meg på heile runden.
Eit par gonger datt regnet ned, 
vinden bles friskt med kuling i kasta.
havduren var sterk
 bølgene slo kvite mot land
 med lyden av vinden og havets symfoni
vandra eg nordover langs stranda
 sanden var våt og tung å gå i
 blant dei kvite skummande bølgjene,
eit stykke frå land
ligg Feistein fyr på den vesle øya
 skyene endrer stadig farge og form
frå regntunge og svarte,
til lyse lette med blå himmel her og der
 Tjeld stod stødig i vannkanten
 nokre måker trippa fram og tilbake
 regnbyge ute i havet
det lysner over Feistein
 ved enden av stranda, 
der elva som markerer skilje mellom Bore og Sele 
renn ut i havet
snur eg og går tilbake mot bilen,
denne gongen i/bakom sandynene
 i sanddynene er det litt kupert,
det blir oppover - og nedoverbakker,
alt etter om ein velger å gå bakom 
eller opp på dei høgaste toppane.
 mot Sele
ein frisk tur på ei av Jærens mange sandstrender

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar