tirsdag 31. oktober 2017

Hå/Håtangen

Det har vore stille frå min kant i det siste.
Eg har vore oppteken med musikk/konserter m.m.
Været har vel heller ikkje alltid vore det beste,
men mest av alt så er vel ikkje lyst/motivasjonen heilt på topp 
til å kome seg ut,
fordi det medfører ein del smerter og ein utslitt kropp.
I dag skein sola inn gjennom eit salt/støvskittent vindauga,
eg kjende det kribla og lysta til fotografere var stor....
Eg fann den kortaste ruta (nesten)
og karra meg avgårde...
 sola skein når eg steig ut or bilen,
men forsvann snart bak skyer som vart mørkare og mørkare
 siste dag i oktober
våte og nesten avblomstra
viser likevel godt igjen blant gras og strå
 lyset forsvinn meir og meir
 sjølv om ei og anna solstråler finn veien gjennom skyene
 det grå massive skylaget breier seg snart over heile himmelen
det var friskt og fint å vera ute
nå er ikkje veien lang heim 
til godstolen og føtene på krakken..
ha ein fin kveld

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar