fredag 16. februar 2018

Håtangen under mørke skyer

Regnbyger kom og gjekk heile føremidddagen.
Akkurat i det eg kom ned til Nærland,
så klarte sola å sende nokre stråler mellom skyene..
 litt snø her og der,
rester etter rennedrevet ( = snø og vind) i går...
 ein liten blå flekk på himmelen
 ser ein ned mot Håtangen, er himmelen mørk
 eit yrande fugleliv i Voien
 utanfor Tangen slår bølgen kvite mot land
 Selvåg strand
 vinden er frisk,
himmelen blir mørkare
snart er det nedbør i lufta att
 den vesle fyrlykta 
står nesten uti sjøkanten
 skarven har flytta på seg,
inn på land,
 berre eit par av dei tøffaste
held fortsatt til ut på steinane,
der dei vanlegvis pleier å vera.
-bølgjene går til tider over desse steinane
 Obrestad fyr på andre sida
skarven på steinane nede til høgre
 ein kan sjå kva vei vinden bles i går...
det vart kaldt og vått,
-turen tilbake til bilen, vart utan stopp....

1 kommentar:

  1. Så artig å se kontrastene i dette landet vårt! Masse snø her, og nå utover er vinteren på sitt beste.....

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett