mandag 19. februar 2018

Hellestø og sørover

rim i graset
sol som varmer
vindstille
myggen og meg i solveggen
I dag er utgangspunktet Hellestø strand, Sola Kommune
 sola er på vei opp bak åsen,
og har ikkje nådd heile stranda enda
 eg rusler sørover
 Hellestø strand
 mange, både to - og firbeinte hadde funne veien hit i dag
 eg passerer Byberg,
og kjem over i Klepp Kommune.
- her fann eg ein liten benk i solveggen.
Der hadde eg ein liten rast, 
 i lag med ein liten myggsverm, 
som surra rundt meg.
nistepakken fekk eg ha i fred - heldigvis
 frå solveggen ser eg sørover mot Sele,
ein einsleg surfer venter på rette bølgja
 eg studerer båttrafikken utanfor Feistein
 vel, våren er ikkje komen heilt ennå,
det vart litt kjølig å sitje stille...
det er vel slik det er på desse tider,
varm - av med klede
kald - på med klede
 eg rusler tilbake til Hellestø
naturens eigen kunst
 stadig nye båter sig forbi..
ein fin tur, ein vakker vårdag på Jæren

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar