søndag 24. februar 2019

Dagens luftetur på Hå

Skodda kom og gjekk,
det var somme tider til dels liten sikt,
før eg reiste til sjøen...
Det vart litt lettare etterkvart,
når eg nærma meg målet: Hå i Nærbø.
Det er vår i lufta,
liten vind og god temperatur.
Det er ikkje så ofte ei fin speilblanke vatn på desse kanter
 disen heng ennå inn over land..
Obrestad fyr
 ved Håtengen er det litt mindre dis - av og til
 her er eit rikt fugleliv
i dag var det mest måker og ender som fauk opp i flokk
eg syns eg haurde vipa på andre sida av vågen/voien
 skylaget begynner å endra seg,
små blå flekker viser seg av og til
 ja, til og med eit lite solgløtt
 det er vått på bondens mark
 snart dekker disen landskapet igjen
 solå får gjennom nokre stråler der ut i havet...
litt etter litt måtte dis og skodde vike for sola,
i skrivande stund skin sola frå nesten blå himmel..
God søndag.

1 kommentar: