St Hans, Jonsok, Jønsok
årets midtsommardag var fin på mange måter
Været viste seg frå si beste side
(kan ikkje huske siste det var så fint)
I lag med Hå Trekkspillklubb
tok eg turen til Nodhagen, Bergsagel
mørke skyer hang tunge på andre sida av fjorden,
Han fekk rett, den eldre karen
som sa dei ville ikkje nå denne sida av fjorden, i dag...
Nodhagen er eit område som Turistforeininga bruker,
her finns hus til utleie, badeplass og eit fint uteområde.
Turistforeninga, Vi over 60 og Speideren,
er saman om dette arrangementet.
Grillling, musikk, bål, og dans på brygga om du vil det.
Hå Trekkspillklubb har spela her fleire gonger,
men eg var med for første gong i år.
Klubben har nærmere 30 medlemmer,
mange er på private arrangement i dag,
så kun nokre få er med.
Eg har vore med denne fine gjengen i 5-6 år,
først på trekkspill, så trekkspill og kornett,
nå er eg musikalsk leder og spiller kornett av og til.
bål ved fjorden er fast her
har aldri prøvd å leggje inn videosnutter her,
men håper dette går bra...
- litt musikk frå Hå Trekkspillklubb
som har funne beste plassen - med panoramautsikt
film 1
film 1
(trykk på film 1-4 for å få fram filmane)
.
Kveldsola sende sine fargerike stråler
gjennom røyklagd himmel
Ein fin og innhaldsrik midtsommardag/kveld
Så fin St.hansfeiring! Jeg er også vant med bål fra Nordmøre, men det er ikke så vanlig her jeg bor nå. Klarte ikke å få lyd på videoene, men det lød sikkert bra.
SvarSlettGod sommer fra Ingunn