søndag 30. juni 2019

På tur med turgruppa

Turgruppa har lenge hatt fast tur ved Frøylandsvatnet.
For å gjera ein vri på det,
 så tok vi turen til Hå gml Prestegard,
og gjekk ein runde der.
Ein velkjent plass for meg,
men ny for fleire av dei andre.
 Vi går over mark og eng
stein og sand
grusveg og strand
 ganske så variert underlag
 turgruppa er eit lavterskeltilbud,
og vi er  alle på forskjellige nivå.
Det viktigaste er at ingen skal gå åleine.
Det er ingen faste avtaler. 
Ein møter opp når ein kan og har lyst 
til å bli med gjengen på tur.
Kor mange som er med,
 varierer frå gong til gong.
 kaffipausen og praten er like viktig som turen,
og vi gjer eit stopp på Håtangen
 ein liten tur opp i fyrlykta, 
spennande/utfordring for den som ikkje har vore her før.
 Håtangen er ein liten arm ut i havet,
idyllisk i fint vær og fasinerande i all slags vær.
ein plass er liker meg året rundt
Det vert nok fleire turar her, med eller utan turgruppa.
God søndag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar