søndag 18. august 2019

Skofja Loka, Slovenia

På ein grå og regnfull dag,
tok vi turen til Skofja Loka, 
Slovenias nest eldste by.
 gjennom byen renn elva Sora
 den gamle bydelen består av trange smug,
trapper og brustein

bygatene var omtrent folketomme,
der vi vandra under kvar vår paraply
 vi går bakkane opp til slottet
 sånn midt i bakken ser vi ut over byen
 I Skofja Loka slott, er i dag Skofja Loka museum
her er det utstillt våpen, møbler, keramikk
frå fleire epoker
 ein del av keramikken kan minna om våre ting
 skomakerverksted
 nedturen frå slottet var like våt som oppturen
stiane var glatte av vatn og løv
 Eg ser nok det at det ville vore morro 
å vandre meir rundt i byen 
ein dag med bedre vær.
 det å kunne setje seg ned,
sjå på livet rundt seg osv..
 frå eit anna hus der vi var på besøk,
i den nye bydelen,
kunne vi sjå like til dei Slovenske alpane...
Slovenia er eit fint land,
og har mykje å by på.
Ein dag skal eg tilbake,
men då vil eg farte i ein annan del av landet.
God Søndag!

1 kommentar:

  1. Fin reportasje! Mulighetene er kanskje flere i fint vær, men denne turen din ga flotte bilder!

    Klem

    SvarSlett