Alle treff og sosiale samlinger,
er jo avlyst i desse tider.
Denne dagen skulle det vore eit volvotreff,
så vi fann ut at gammelvolvoen måtte få seg ein annan tur...
grå skyer og kjølig vind på Jæren
vi kjørte sørover,
og gjorde korte stopp under vegs
i Madland og Kvassheim havn
jo lenger sør vi kom,
vart himmelen meir og meir blå...
På Tengs vart det eit tilfeldig lite volvotreff
målet for dagens tur,
er Kjervall.
Eit lite gardstun, som i dag blir brukt som hytte
området ligg i Egersund kommune
ein stille og fredelig plass,
innimellom små fjell
sauer beiter i området,
bjellene rundt halsen på morsauene,
gir ein fin lyd, som gir rom for mimring
vanlegvis får kun eigaren køyre like inn til tunet.
Far var ofte her, som "vaktmester"
Etter han gjekk bort,
har vi fått lov å bruke tunet som før.
Det er ei stund sidan sist vi var her,
og mange gode minner dukker opp,
når vi nærmar oss
her på tunet er det fint
roen senker seg
lyd av fugler som kvitrer
bekken sildrer
ein tur nedom naustet høyrer med
stille vatn, ingen vind, og sol som varmer
eg rusler eit stykke på veien
sauene høyrer meg, og kjem springane
eg oppdager snart at det er ikkje meg dei kjem etter,
matmor står borti veien med mat,
og lokker på dei...
skulle teke turen hit oftere,
ein fin plass,
kort vei frå Egersund sentrum