søndag 19. april 2020

Langs ein veg/sykkelsti

Det er søndag føremiddag,
Eg ville ta turen før det vart for mange biler ute....
men eg trur "halve" Jæren har tenkt det same,
for bilane kom langs hovudvegen,
i lange rekkjer.
 så lenge det finns sykkelstier,
så er det heilt fint,
Deler av dagens runde,
er på små og smale veier utan sykkelsti,
då liker eg best at trafikken ikkje er så stor.
det vart  nokre stopp her og der,
- som vanleg
 ved eit veiskille
 mang ein syklist suste forbi meg, 
når eg gjorde mine stopp,
fleire har vel tenkt same tanken som meg,
å få turen unna før det blir for mange folk ute
Ha ein fin dag, der du er.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar