onsdag 8. april 2020

I Risaskogen

Ein tur på sykkel,
med Risaskogen som mål.
Akkurat som vi gjorde kvar vår,
på barneskulen
 Kvitveisen er over alt
 Kusommer eller Kusymre som andre seier
finn ein her og der
 den lyser så gul og fin
mot den grøne skogbotnen
på andre sida av bekken
ser ein såvidt det gamle kvernhuset
 usikker på navnet,
men innimellom alt det grøne
såg eg med eit to små tuer med desse lyseblå
Risaskogen er ikkje stor,
men her er mangt å sjå på,
lytte til
eller bare nyte fred og ro

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar