fredag 10. juli 2020

Vigdel strand-mot Ølberg 10.07.2020

I dag var det tungt å kome i gang,
så eg måtte gå nokre runder med meg sjølv,
før eg fekk på meg turkleda,
og kom meg ut..
Kroppen spela ikkje på lag,
og ville nok helst bare teke livet med ro.
 Vigdel strand vart mitt utgangspunkt i dag.
Eg har vore her fleire gonger,
men alltid gått på sørsida av stranda.
 I dag går turen på nordsida,
i retning Ølberg,
på kyststien
 sol og blå himmel,
frisk bris og til tider kjølig i vinden
 eg går forbi stranda,
der endrer lanskapet seg totalt
 berg og store steiner
 med kulturbeite innafor
 ein flokk villsau tek livet med,
og bryr seg lite om ein ivrig fotograf
 berg og stein så langt ein kan sjå
 tilbake til Vigdel strand
 eg finn meg ein plass litt oppe på berget,
kjennner sola varma
og vinden som rusker i mitt hår.
Ser på bade- og båtlivet under meg,
og store båter som passerer der ute på havet
Det var det skulle til,
kroppen har funne roen,
og energien er tilbake.
Dørstokkmila kan vera lang,
og då handler det mest om å koma seg ut,
ikkje kort langt eller fort ein går.
God fredag ettermiddag/kveld.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar