søndag 23. januar 2022

Grå og fin morgon

Turen går på eigne tufter.
Det er vindstille,
skodde kjem og går.
Eg lytter til fuglekvitter
og kjenner eit drag av vår i lufta
sjølv om dagen er grå
er det mange ting å sjå
og alt er vått
steinane er fulle av mose,
små fargeklatter i alt det grå
på desse kanter er åker og eng 
grøne heile året
dråper heng det over alt,
ingen vind har teke dei med seg 


dråper som glitrer så fint
i det vesle solgløttet som var

før skodda igjen kjem sidande
og farger landskapet grått




jorda er våt etter mykje nedbør i det siste
det er stillhet og ro som rår
der eg rusler langs bondens traktorvei
ein fin start på dagen.
Lag deg ein god søndag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar