fredag 18. mars 2022

Bodle og Varhaugsstøene

Eit einsleg naust står i Bodle
like bortanfor står kvernhusa 
dei to små husa er tekne godt vare på
Tjeld i flokker fyk opp når eg går forbi
og kvitrer sin melodi
bølgjene bygger seg opp
før dei slår kvite mot land

Varhaugsstøene
herifrå rodde Varhaugslosen ut, i si tid
steinrike Jæren

stein har alltid vore brukt som byggematerale
 i hus, hytter, uthus, løer, naust m.m.
trevirke var det mindre av,
men vart brukt på deler av bygga.
eg sat lenge i solveggen
kjente sola varme om kinn
lytta til bølgeskvulp og fugleskrik
det er ei fin tid vi går i møte
det var mest som om eg ikkje hadde lyst å ta turen heim att.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar