onsdag 2. mars 2022

Store skyer over Hanabergmarka og omegn

litt utpå morgonen kjem sola fram,
frå skodde og skyer.
Det er vårleg i lufta
og nesten vindstille
eg vandrer i området Jærmuseet/Hanabergmarka.
Eit populært turområde,
for store og små.
Her kan ein vandre i marka,
og sjå/oppleve inne i museet.
Mange små traktorgutter,
får stjerner i augene,
 når dei går gjennom bl.a traktorustillinga inne.
Eg var inne i lag med barn og barnebarn først,
før eg rusla ein runde ute, åleine.

eg er så fasinert av skyer
dei kjem i mange former og farger
her er fleire tilrettelagde stier,
runder som passer for liten og stor

eg rusler mot utkanten av marka,
mot Ødemotland og det gamle gardsbruket der
ei lang sky strekkjer seg over området

steingard, skyer og nakne tre - fint i mine auger

Ødemotland/Lode
to små plasser i Nærbø bygda
Det er ei fin tid vi går i møte...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar