fredag 22. april 2022

Mildevågen, Store Milde

For eit par veker sidan,
hadde eg eit ærend til Milde..
Her var eg ofte i barneåra,
og har mange gode minner herifrå.
Eg må alltid ein tur nedom Mildevågen,
uansett vær..
Eg var heldig og fekk litt solskin 
akkurat den stunda eg var der
Det regna/snø godt både før og etter
Mildevågen er ei lita småbåthavn,
i tidlegare Fana kommune(nå Bergen)
det er stille på land og sjø..
naust og båter speglar seg så fint i vatnet

gammel naust
ein gong i tida (når eg var lita jente)
var dette landhandel
nausta ligg på rad og rekke
eg har vore mest i det naustet utan farge
generasjonen over meg,
som fram til no har teke hand om dette naustet,
er fått nokre år på nakken,
og treng hjelp til å kome seg i båten
gammelnaustet - gode og gamle minner dukkar opp

Mildevågen går ut i Fanafjorden
Gamalt tun på Store Milde
Her besøkte eg bestemor, tante og onkel
mang ein sommar, i barneåra.

onsdag 20. april 2022

Risaskogen

Endelg kom våren med så pass varme,
at eg kunne starte sykkelsesongen...
Det var fint å fare avgårde på to hjul igjen,
og nå litt lenger enn det eg klare på to bein...
Dagens mål var Risaskogen,
på leit etter kvitveis og kusommar (kusymre).
Det var kvitt i kvitt av kvitveis, på heile skogbotnen
Trea er framleis snaue
enkelte tre hadde fått grøne blad
skogbotnen baud og på fleire slag grøne blad
grøne knopper på andre tre
her og der fann nokre få kusommar
ein av dei finaste vårblommane tykkjer eg



kvitveisen lyser opp i tuer og enkle blommar
Risabekken renn stille

det gamle kvernhuset
Sola varma godt her inne mellom trea,
fuglane sang og kvitra,
bekkebrus
stillhet og ro
Ein fin vårdag i den vesle skogen på Risa
 

mandag 18. april 2022

I solrenninga, Sola og Ræge strand

Det er ennå kjølig, ned mot 0 grader
månen er snart ferdig med nattevakt
sola er på vei opp 
og farger himmelen i lyse morgonfarger

første morgonfly 
eg vandrer heilt åleine denne morgonen
det er stillhet og ro
på bunkersrester frå krigens dager
finns det fleire fine teikninger

sola har nådd ned på landskapet, på Ræge
det blir varmare,
fuglane kvitrer og syng
det er godt å vandre ei slik morgonstund


helikopter tek av i morgonlyset

eg måtte sjå fleire gonger,
men det er nok bare ein stein
som likner ein sel



store båter er på vei mot Tananger og Stavanger

stor båt - små hus

frisk og fin morgontur i stillhet og ro

lørdag 16. april 2022

I solnedgangen, Nærland strand

Det er ein kald men fin kveld.
Mange har funne vegen til stranda.
Eg høyrer ukjente språk,
Mange frå mottaket i nærheten
har nok og funne vegen hit denne kvelden.
eg vandrer i eigne tanker
og studerer liv og fargespel rundt meg
gildt å finne slike teikninger på stranda
Med eitt blir eg oppmerksom på noko ukjent i sanden
eg spenner forsiktig vekk litt sand,
for å sjå meir av skapningen.
Dette er nytt og ukjent for meg.
Skapningen har armer både her og der,
som beveger seg som klør på krabber.
Medan eg studerer skapningen,
kjem ei dame til meg og lurer på kva eg gjer..
Ei ukrainsk dame frå mottaket,
ho er svært interessert,
og vi fann tonen med det same.
Praten går, fleire norske kjem til,
det går i ting om Ukraina og Norge.
Dei andre går og vi to står igjen,
praten og tida går.
det er nesten som om eg gløymer det eg kom for,
- å fotografere solnedgangen
Vi blir ståande så lenge,
 at kjølen sneik seg innafor kleda,
vi vart kalde begge to.
I slike høve er facebook ein fin ting,
vi fann kvarandre der.
Dama frå Ukraina var raus med klemmer,
bukka og takka for fin samtale
og for oss gode, gilde og gavmilde nordmenn.
Dama sprang kald og glad mot mottaket
eg tok ei par bilete og gjekk mot bilen
Først då eg kom i bilen,
kjende eg at kjølen 
og var komen skikkelig 
inn under mine varme vinterklede.
Eg tenke på dama frå Ukraina,
som hadde mindre klede enn meg,
verken hue eller votter....
Eg var glad og tankefull på vegen heim att.
Det er ein ting å nyheter om krigen via TV,
der er noko heilt anna å få ei personleg oppleving så tett på.
Vi har halde kontakten,
og seinare har dama vore heime hos meg.
Vi hadde ein endå lengre samtale,
om fortida, nåtida og håp for framtida.
.
Det vert nok snart eit nytt besøk i min heim.