mandag 9. juni 2025

Sumburgh head og Esha Ness fyrtårn

Ei veke på Shetland, med mange opplevelser.
Ull, kultur og historie er tema for turen.
Lange dager, med turer på kryss og tvers over øya,
samt ei par øyer der vi måtte ha ein kort ferjetur.
Eg har valgt å dele opp turen i fleire innlegg.
Det som har med handarbeid å gjera,
skriv eg om i handarbeidsbloggen min.

Vi besøkte to fyrtårn på turen.
Begge låg på fjellknauser,
med god utsikt utover hav og land.

Sumburgh head
sola skein og vi hadde ei fin stund der.
ved fuglefjellet fanns det fleire typer fugl,
og fargerike fjellsider.
Lundefuglen som hekker her,
var ikkje å sjå
her og der var det store samlinger med fugler
det skal ikkje store plassen til,
for å ha plass til reir 



parkeringplassen ligg og fint til


sjølv om her er ope og forblåst,
finn ein eit mangfold av blomar
Sumburgh head fyrtårn


steingardane er bygd på denne måten,
over heile Shetland.
Dei øverste steinane er plassert slik,
for at sauen ikkje skal hoppe over



Esha Ness fyrtårn
Her er landskapet litt annerledes,
klipper som stuper rett ned i havet.
Her er værhardt.
Vi har hatt mykje vind og regn på turen.
Det er ca 60 år sidan dei opplevde ein slik vind.
her som mange andre plasser,
så var det opphald i det vi steig ut av bussen.
Alle sleit med å halde seg oppreist,
og kameraet i ro nok til å fotografere.


etter ein kort fotoseanse,
går vi til andre sida av fyret,
og slusene opnar seg.

Av den grunn har eg fotografert litt med speilrefleks, 
og litt med mobilen, heile turen

Det var berre å "springe" tilbake til bussen.
våte, men ein flott opplevelse likevel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar