Dette er bilete frå 4 kveldar med forskjellig lys,
og til litt ulike tider.
Den første kvelden er sola for det meste gøymt bak skyene,
men her og der slepp nokre solstråler gjennom
Andre kvelden er full av farger
- eit skylag sig utover mot havet i det sola går ned
- dei siste solstrålene lyser opp mot skyene
og lagar eit fantastisk fargespel på himmelen.
- den tredje kvelden er fargane nesten fråværande
- eit lite rosa skjær dekker horisonten i det sola går ned
- roen og freden senker seg,
fuglane set seg ned på steinane i den vesle vika mellom Refsnes og Nærland.
Ein båt tøffer sakte forbi - der ute i den rosa disen.
- den fjerde kvelden, då eg vandrer i ro og fred,
i vindstilla og til bølgjenes rolege rytme.
Tjelden har ei mellomlanding i sjøkanten,
før dei fyk utover sjøen.
Sola går sakte ned,
- i det sola forsvinn i havet
- breier rosa farge seg over himmelen
 |
-
Å lytta til bølgjene som ruller sakte mot land,
å gå i sand så mjuk og fin med lydlause steg,
å sjå på sola som sakte går ned i havet,
å kjenna roen og freden som senker seg over landskapet... |
ja, det er godt å gå på tur langs sjøen ei roleg kveldsstund.