fredag 28. juni 2013

Kveldstur på Refsnes strand

Ute i havet er det lyst og sola slepp gjennom her og der
 - eg vert meir og meir fasinert av skyene over meg,
 - der eg vandrer bortover stranda
 - skyene sig sakte utover mot havet og endrar form heile tida
- ved enden av stranda snur eg, og går tilbake innenfor sanddynene.
Her er det ikkje lenger skyene som fangar oppmerksomheten min.
 - eg går ikkje lenger med hovudet mot sky, 
eg går med bøygd nakke og har nasen vendt mot jord.
 - små blomar og strå
 - finnst det over alt her
- ei fin og stille kveldstund på Refsnes strand.

søndag 23. juni 2013

På vandring langs Jærkysten, Grødaland - Nord Varhaug

Turen startar på Grødaland i Hå Kommune
- eg går igjennom Grødalandstunet, 
 - som er ein del av Jærmuseet.
 - vidare på traktorvegen ned mot sjøen.
 - denne gongen har svingar eg sørover langs Kongeveien,
og går på stiar eg ikkje har gått før.
Her finns blomar av mange slag....
 - stien går eit sykke gjennom skog
 - før landskapet igjen opnar seg
 - eg går langs bondens mark, der dyr beiter
 - eg går gjemnnom grindar
 - langs steingardar
 - gamle grindar er erstatta med nymoderne gjerde
 - skal ein vidare på Kongeveien,
må ein over gjerdeklyvaren, og fortsetja på stien på andre sida.
Eg har denne gongen ingen sjåfør som kan plukka meg opp lenger framme,
så eg snur her på Nord Varhaug...
- eg finn meg ein stein, for ein liten drikkepause.
Eg ser ut over havet som i dag er grått
 - eg nyter synet av alle fuglane som held til nede i sjøkanten,
lytter til alle fuglelydane, kjenner på vinden,
 og tek til meg av roen og freden som naturen byr på
 - snart er eg på føtene att
 - nyslått mark og vindskeive tre - vakkert
 - det er som om sola kjem litt igjennom disen,
og landskapet får litt meir farge
 - snart er eg tilbake til skogen
- Kongeveien fortsetter rett fram,
eg svingar opp til høgre
 - for å koma tilbake til utgangspunktet på Grødaland
 - eg går forbi det andre av dei to gamle Jærhusa på museet,
og er snart tilbake til parkerigsplassen.

onsdag 19. juni 2013

Rusletur på Hå, Nærbø

Det er ein fin juni ettermiddag, at eg tek turen til Hå.
Vakre sommarblomar møter meg, i det eg køyrer ned på parkeringsplassen
- ved Hå Gamle Prestegard
'
 - eg går gjennom tunet,
forbi hovudhuset
 - og det gamle jærhuset
 - vidare på stien ned mot Håelva
 - elva renn stille gjennom vakkert landskap
 - eg går ikkje over hengebrua denne gongen
 - eg går vidare langs elva
- her finns mange fuglar av mange slag,
som fyk opp når eg kjem for nært
- eg går på ei kort sandstrand
- bondens mark går nesten ned til elva
 - det er stille og vakkert 
 - der elva møter sjøen, er det endå fleire fuglar
 - eg går vidare langs den vesle stranda
- ei vipe siklar skrikande rundt meg
 - ho har nok lagt egg ein stad....
desse egga låg i sanden, midt på den vesle stranda...
 - eg ruslar vidare, over mark og eng
 - og endar opp der eg starta, 
ved Hå Gamle Prestegard
- rusleturen var ikkje så lang, men innhaldsrik.. 

onsdag 5. juni 2013

været skiftar heile tida...

Nokre bilete frå mine tufter.
- sola skin samtidig som mørke skyer heng lavt over bakkane
- eigentleg ganske flott å sjå på, - sjølv om det er litt vått....