fredag 25. juli 2014

Sol, sommar og late dager...

Kanskje ikkje den beste overskrifta på dette innlegget,
men det er slik er det her for tida.
Når ein likar denne varmen kun i små doser,
vert det lite turar og fotografering til bloggen...
Hovudet er heller ikkje like kreativt...
 Den som står opp tidleg,
har fått oppleve nokre flotte solrenningar den siste tida.
Her fargar sola skyene i vest
 - når vi likevel hadde eit ærend i Stavanger her om dagen,
bestemte vi oss for å nytta litt dødtid til ein liten rusletur. 
 - Gamle Stavanger
 - med dei kvite små trehusa som står tett i tett
 - er ein koselig plass å rusle
 - vi rusler vidare langs indre havn
 - det er enno ganske stille
 - det er stort sett dei som klargjer til "gladmat" festivalen som er i aktivitet langs kaien
 - små og store i indre havn
 - supplybåtane ruver godt i "terrenget"
 - Veteranbåten "Sandnes" 
eller og kjent som nattruta mellom Stavanger og Bergen
 - dagen går over til kveld
og sola fargar himmelen like vakkert, 
som ho har gjort kveld etter kveld den siste tida
Nyt sol og varme medan sommaren ennå er her,
det kan brått snu og gå mot kaldare dagar...

tirsdag 8. juli 2014

Ei lita oppdagingsferd på Nærland strand

Etter mykje regn og sterk vind,
lysna det i vest, 
og snart skin sola frå blå himmel.
Eg er rask til  å knyta på meg turskoa,
og køyre ned til sjøen.
- uværskyene sig innover landet, mot aust
 - mange maneter er skylt opp på land
 - to Tjeld fyk avgarde når eg nærmar meg
 - "fisk på land"
 - små blomar mellom store steinar
 - eit rikt fugleliv på steinane ytterst mot havet
- stein på stein, mot Refsnes strand
- mellom blomar og strå finns mangt å sjå
- ein sommarfugl er i ferd med å ta av
- "folksomt" på blomame
- brått vert eg var eit lite egg, nede i det visna graset
- ein travel sommarfugl
- som fyk frå blome til blome
- prestekragane finns det overalt
- til og med ei einsleg potetplante i sanden
( kanskje ikkje heilt uventa, då bonden sin åker er like ved)
- der var ei gong eit gjerde....
- om ein berre tek seg tid til å sjå etter,
er det mykje spanande å oppdage, 
sjølv på ein liten rusletur på stranda.

torsdag 3. juli 2014

Rusletur på Hå

Sola kjem og går
vinden ruskar i mitt hår.
Eg lytter til elva som sildrer,
fuglar som syng,
og småkryp som rasler mellom blomar og strå
- det fint å rusle slik langs elva,
ta til seg av det som naturen byr på,
og kjenne roen som senker seg,
 - Håelva svinger seg langs åker og eng, over flate Jæren
 - den berømte hengebrua (i allefall i eit visst sykkelløp) går eg forbi
 - blomar og strå vaier i vinden
 - blomsterdufta gjev minner om blomsterenga i barndomsår,
 - elva har lite vatn og renn stille mot havet
 - Jonsahuset speglar seg så fint i elva
 - blomar og strå veks frodig langs heile elva
 - midt ute i elva har den gamle greina fått nye skudd
 - eg rusler langs åker med snorbeine fårer
 - eg vert var humla som flyg frå blome til blome,
og som har ikkje tid til å stå stille
- på himmelen danner det deg fine skyer 
 - fuglar syng mellom blomar og strå
med eit fyk dei opp og er lett å få auge på
 - slik vandrer eg vidare i "mi eiga verd"
 - lyset i havet endrer seg,
ei lang mørk sky strekkjer seg ut over Jæren
-  brått vert eg var ein saueflokk
- og ein hare som gjer eit kort stopp
- denne turen er ikkje lang,
men har mykje å by på, 
for den som er glad i markblomar og fuglesang.