torsdag 21. januar 2016

Refnes strand i vinterdrakt

Turen går i dag på Refsnes strand, 
som har vinterkåpa på
 - det stille,
ein høyrer berre lyden av snøen som knirker
 for kvart steg ein tek
 - snøen har lagt seg på gras og strå,
noko som er uvanleg her på Jæren,
fordi vi har vanlegvis "alltid" meir eller mindre vind her
 - oppe frå sanddynene er det god utsikt ut over eit blått og stille hav
 - ein liten fugl tok seg ein pause tett ved gras og strå
å skue ut over havet, 
sjå på bølgjene som ruller stille mot land
lytte til roen,
kjenne sola som varmer
 gjev fred og ro i sinn og sjel
 - mange bølgjer på bryt på same tid
 - spor i snø og sand
 - kan nesten ikkje sjå meg mett på alt det fine eg har rundt meg
Ein av dei sjeldne vinterdagane på Jæren,
sol frå blå himmel, snø, 3-4 minugrader,
og ingen antydning til vind...
Føltes nesten litt som eit vårleg drag i lufta....

onsdag 20. januar 2016

Is og snø på Hå

Hovudhuset på Hå Gamle Prestegard
 - isen har lagt seg rundt steinar og tuer,
som små kunstverk i Håelva 
 - ein fugleflokk tok vengene fatt då eg nærma meg
 - dei gamle nausta i Selvåg
 - i Voien, bukta ved Håtangen,
låg is og snø heilt nede i sjøkanten
 - den vesle stranda ved Håelvas utløp
 - Håtangen
Nokre minusgrader. kald vind og sol frå blå himmel,
ein frisk rusletur på Hå.

fredag 15. januar 2016

skyer og lys

Innlegget i dag handler mest om skyer og lys i endring,
langs kysten av Hå Kommune.
Eg hadde sett meg ut Brusand og Holmestø 
som turmål for dagen.
Her, mot sør, var skyene grå og mørke, 
 - isen og anna i landskapet vart liksom litt gløymt,
det var skyene og alle dei grå nyansane 
som fanga mitt blikk
 - sola prøvde å nå gjennom skylaget
 - langt ute i horisonten går det nok ei byge eller to..
 - når nesten opp til skylaget...
 - mot nord/vest kan ein skimte litt meir fargar og lys
 - med bil går turen nordover i kommunen
ved den vesle kyrkja ved havet, Varhaug
er det sprekker i skylaget
 - ved Obrestad fyr kan ein ane blå flekker på himelen
 - over Håtangen har skyene blitt tynnare og lysare
 - lengre nordover stopper skyene
 og ein ser fargane av sol som snart skal gå ned i havet...
Året 2015 har gitt meg mange utfordringar,
det har blitt mindre overskudd til turar i skog og mark.
Mitt ønske for 2016 er å kome meg meir ut,
ha energi og krefter til å ta meg opp på ein topp eller to.
Minneboka mi for 2016 er full av blanke ark.
Mitt mål er å fylle boka med mange gode turminner.
Om det blir korte eller lengre turar,
på flat mark, i heia eller på fjellet er ikkje avgjerande,
- det viktigaste for min eigen del,
er at eg kjem meg ut på tur.
.
Bruk året godt!

fredag 25. desember 2015

Lys og mørke

Kuling frå sørvest,
regnbyger og sol,
skyer i mange former og farger,
lyset er stadig i endring
- Obrestad fyr
- bølgjene slår kvite mot land
- Håtangen
 - Hå Gamle Prestegard
 - Håelva
 - Hyttbakken/Nærland
 - Hå gamle Prestegard
 - ein frisk og luftig tur ved havet, lille julaftan