tirsdag 5. mars 2019

Litt frå Alta

Det vart ikkje så mykje tur og foto
dei dagane eg var i Alta.
Litt her og litt der,
eg var mest oppteken med andre ting.
.
Ein snartur oppover Stillaveien
 opp til der vidda starter
 der bjørka er krokete etter vintrer med snø og vind
 Alta skifer hadde uttak her,
men er nå flytta til ein annan plass
Tverrelva renn langs Stillaveien
 ved Altafjorden
Utsikt frå hotelrommet:  Nordlyskatedralen 
 i sol, gråver og snø
 Ein kort rusletur på Arronnes
litt blå himmel, mellom snøbygene
 Norwegian på vei opp
over den gamle hoppbakken
skiløypene går over bondens åker og eng,
rett utanfør husdøra til dei som bur her
 Det er fint med slik vinter,
godt å vandre i snøen,
kjenne minusgradene friske om kinn.
Vinter her på Jæren, er som regel 
ein dag snø og 5 dager regn...

søndag 3. mars 2019

Mating og nærkontakt med reinsdyr

Eg har lenge hatt eit ynskje,
om å koma nært innpå reinsdyr..
Denne gongen vart det mulighet for det...
Orus Moment i Alta 
tilbyr blant anna mating av reinsdyr og sledetur.
Vi hadde med oss to småbarn,
 og valgte bort sledeturen,
og satsa på mating av dyra.
 Reineigarane Johan og Anja har eit opplegg rundt dette,
heime, rett utanfor huset.
Dei har kun inntil 8 personer kvar gong,
for å behalde nærhet og ro.
For dei sjølv vart og dette ein rolig avslutning
 etter travle arbeidsdager på heilt andre arenaer.
 Dei har 13 rein gåande i innhenging på eit området i "hagen"
 vi fekk kome inn i innhengingen,
vi fekk gi dyra lav og kraftfor
 dei aller modigaste dyra åt frå handa
 det hadde vore mildver og regn,
 det var isglatt,
så vi vart verande rett utanfor huset. 
Vanlegvis pleier ein å gå litt inn i skogen, 
der dyra held til
 dyra kom springande når det rasla i kraftforbøtta
 slikt som ein drøymer om,
vart med eitt verkeleg..
 tydelig går matinga litt seint....
 Reineigarane hadde tent bål,
baud på kaffe/te/sjokolade samt vafler steikt i jern, på bålet
 reinsdyra rusla rundt oss heile tida
ei "ta livet med ro stund"
- vi fann roen rundt bålet,
lytta til lyder frå reinsdyra som rusla rundt oss,
hadde ein gild prat med reineigarane 
- dette kan eg gjera igjen...

lørdag 2. mars 2019

Sorrisniva Igloo hotell Alta 2019

 Det er i år 20. gong at ishotellet vert bygd,
kvart år har hatt nytt tema.
Årets tema: Det beste gjennom 20 år
det finns bar og kapell i hotellet.
Her har vore mellom anna vielse og bryllaupsfest,
Det er ca 30 rom/suiter der ein kan overnatte
Suitene er laga med forskjellige tema.
Dei andre roma har seng med reinsdyrfeller,
men lite utsmykking
Ein av suitene har tema Alladin
 eg har vore innom her fleire gonger,
- kun for å sjå,
og er like fasinert kvar gong
 litt frå eventyrverden og diverse historiske hendinger
 sverd i fjell
mot baren
baren
 mot ein av to soveromsfløyer
 kapellet
Det er eit imponerande og dyktig arbeid,
som vert lagt ned kvart år.
Eg kjem nok til å ta turen innom ishotellet fleire gonger,
om det skulle laga seg slik.