fredag 8. november 2019

Solnedgang på Nærland

Ein solnedgang på Jæren
i vindstilla og minusgrader
 ei fredfull stund 
og eit vakkert skue
 ein serie utan ord
Ha ein fin kveld

torsdag 7. november 2019

Refsnes i novemberlys

Ein fin og stille novemberdag på Jæren.
Eit slør av skyer dekker ein del av himmelen
 sjøen er nesten heilt roleg

 ei og anna bølge slår mot land
det er  friskt i lufta, og ca 2-3 grader
 å gå slik, å være i nuet
lytte til bølgjene
og nokre fuglar som kvitrer i veg
gjer godt på både kropp og sjel
 sanden er tung å gå i
 lyset er av og på
skyene stengjer for sola 
det meste av tida
 tett bak sanddynene ligg gardsbruka
Jæren har ein høg himmel i dag.

tirsdag 29. oktober 2019

Skyer i solnedgangen

Det såg ut til å bli ein fin solnedgang,
med klare farger og blå himmel
 skyer la seg til i langt der ute i havet
 sola gøymde seg bak skyene,
den siste biten ned mot havet
 for meg som er fasinert av skyer,
var det ein ei fantastisk stund i fantasiens verden
 skyer i mange farger,
frå lyse til heilt mørke
 fine speglinger i våt sand
 sola har gått ned,
fargane vert svakare,
men likevel forsatt fine og eventyrlege
 vi var to i same ærend,
begge like fasinerte av skyer og hobbyfotografer
så gildt å drøse med deg B.H:
 Det merkes at det er langt uti oktober,
det var godt at vinterjakka var på,
vi begge skulle nok ønska at vottane og var med.
 fekk ein følelse av at noko såg på meg....
 mørkret senker seg,
og vi forlater stranda
Panoramabilde etter solnedgang
Ha ein fin dag der du er.

fredag 25. oktober 2019

Frå blå himmel til mørke skyer

Vinden bles friskt.
himmelen var delvis blå,
med store fine skyer på.
 det er jammen blitt ei stund sidan sist,
eg vandra langs jærhavet.
Reiser og anna,
har teke mi tid.
 sauene kom mot meg,
men var visst ikkje interessert i kontakt,
dei passerte meg stille og rolig
 fargane var friske og fine,
så lenge sola var framme
 skyene vart fleire 
dei endra form og farge
 det er spennande å sjå på korleis skyene skifter karakter
lufta vert kaldare
og vinden auker på
 Eg nådde akkurat tilbake til bilen
før regnet kom.
- meir og vind og meir regn er meldt,
dette er vel bare ein liten beskjed om at uværet er på vei....
 vi skriv siste del av oktober,
og det blomstrer framleis i grøftekanten
God helg!