søndag 9. august 2020

Litt stort og litt smått på Eikemo

Ein fin og solrik morgon
Ein rusletur utanfor dyrka mark
der lyng og andre blomar farger naturen
tre i mange fasonger
her og der ser ein ein anelse av haustfarger
bekkebrus 
til kvelds kjem hjorten mot huset,

bileta er ikkje av beste kvalitet, då hjorten er litt langt unna, for mine objektiv

 Vårt langstrakte land, har mykje fint å by på, same kor ein er.

Kveldstur rundt bøen

På vår rundtur i deler av Vestland fylke,
gjer vi ein stopp i Masfjorden Kommune.
Eikemo er ein liten plass med fjell på alle kanter,
I kveldinga rusler eg ein liten tur rundt bøen,
det grått etter ein våt dag, og disig.

Det stille. Busker og tre speglar seg i elva.

fugler og småkryp driv på med sitt


det er ein fin plass, her mellom fjella


Innover her, på bøen, kjem hjorten ofte ruslande i kveldinga. Eit flott skue
mosegrodde steingarder er her nokre av
det gamle markaleet/grinda er nesten borte. Det er lenge sidan det var dyr her på garden.
blåklokker og blomar i mange farger, lyser opp mellom gras og strå
det gamle jordkjelleren ligg der tom og ubrukt
tja, kanskje denne slipesteinen får bryne seg av og til
 ein fin rusletur der det er  stillhet og ro som rår

lørdag 8. august 2020

Mildevågen

Vi dreg nå ut mot kysten,
der mine forfedre kom frå,
dei som førte buskapen til Bjørnstølen.
(sjå innlegg under)
Mildevågen, der var båt og naust,
badeliv og fiske.
Det vesle naustet mellom dei røde, er i slekta si eige.

tre svaner bevega seg sakte utover, elles var det stillhet og ro som prega vågen, denne dagen
Vi tok ein tur innom naustet, og mange minner kjem fram. Fiskefangst i båt, fisking og leik på brygga osv
Gamle "Sofusen" har fått ny brygge, som er tilrettelagt for den eldre generasjonen
ei støtta er god å ha
det er fredelig å sitje her, sjå på båter og måker 
eigaren er kreativ på mange måter
det gamle naustet

på rad og rekke, gamle og nyare naust, med båter i mange prisklasser og aldrer



 det er fint å vera tilbake, der eg vandra mang ein sommar i barneåra

fredag 7. august 2020

I forfedrenes fotspor

Det var ein våt og regnfull dag,
då vi ville besøke mine forfedre sin støl/seter.
Dei budde ute ved kysten og førte buskapen lang vei,
før dei endeleg nådde Bjørnstølen, innanfor Bontveit.
(Hordaland - Vestland Fylke)
I dag kan vi køyre ganske nærme,
og veien er ikkje lang å gå.
Der borte i tåkeheimen/regn litt ei samling av støler. Den eldste og minste høyrer til mi slekt.

Stien er til tider våt og sorpete, men vi er kledd etter forholda. Det blir ein fin tur innover
Eit hardt arbeid var det nok ei gong i tida, då desse hellene vart lagt ned.
vi passerer små sildrande bekker 
der framme er stølen, Flagget er hengt opp, og verten er klar til å ta i mot to våte Jærbuer
sælet/setra/stølen er ikkje stor. Bygd langt tilbake i tid. Det som den gong var ytterdør, er så lav at alle må bøye seg, for å kome inn. Det var visst vanleg å lage dørene slik den gongen, for å halde bjørnen ute.

Verten må i bekken etter vatn.
Utsikt ut over dalen
Utedoen 
sit ein med døra open, har ein god utsikt nedover dalen
Verten har fyrt ovnen
grilling av pølser ute på bålplassen
revebjellene finns over alt her
Eit lite solgløtt, og vi satser på rast i solveggen.
 Slik skulle det ikkje bli. Regnet starta på att, før all maten var komen på bordet. Det vart ei fin stund inne, knitring i ovnen, og mimring om farne tider.

Morro å vera tilbake, der eg mange gonger var i mine barndomsår (pluss nokre få i vaksen alder)