mandag 28. juni 2021

Den gamle kyrkjegarden på Bø

Langs steingarden veks det mang slags blomar og strå
I dag opnar eg porten og går inn
herifrå, som kyrkja ein gong stod,
har ein god utsikt over markene rundtom

ein ser og mot fjella i aust

porten er igjen lukka,
og eg vandrer vidare..
 

fredag 25. juni 2021

St. Hans på Bergsagel

I år som åra før,
drog deler av Hå Trekkspillklubb til Bergsagel,
for spele for dei frammøtte.
Nodhagen ligg så fint til,
med god utsikt utover fjorden

her er grilling og bål
bare kos og morro, 
til sola forsvinn bak åsen
min rolle er å lede gjengen,
samt ha nokre innslag med kornett
 i samspel med trekkspill og sang
ein liten men god gjeng frå klubben,
laga ei god og stemningsfull stund.
 

lørdag 19. juni 2021

Sommartur Gammelbilens venner

Regnet dett i bakken,
og kun få biler finn veien til Egersund,
der sommarturen starter.
Det blir litt motor og bilsnakk før avreise




Vi køyrer på mindre, smale og svingete veier


første stopp:
Nesvåg sjø og motormuseum.
Ein liten plass,
med mangt å sjå på.
det vart fullt på parkeringplassen/kaien


museet held til ei idyllisk vik
museet er bygd opp rundt nokre små hus, tett i tett






etter is og kaffi
er vi klare for neste etappe
veteraner møtes
vi har kurs for Moi

og ender på Lund bygdemuseum
meir bilsnakk og ein tur inn på museet
Her fins mykje innan trearbeid: 
rokker, stoler, kister, kjevle verktøy
samt vogner, leker, instrument og så mykje meir
Ein fin tur,
i lag med kjente og mindre kjente gammelbilvenner

tirsdag 15. juni 2021

Langs Frøylandsvatnet

For tida farter eg mest rundt på to hjul.
Med sykkelen kjem lenger, i km og tid.
Eg øver på lengre turer,
og mot eit mål i mil (pr tur), før hausten.
Eg trener kun for min eigen del,
ikkje mot noko løp eller likn.
Ofte blir kameraet liggjande heime.
Her om dagen var målet,
turløypa langs Frøylandsvatnet.
Eit av mine delmål,
på veien mot mine mil.
Eg tok sikte på å møte turgjengen,
og ha lag med dei i deira kaffipause.
Det vart rast og god drøs med gjengen.
Eg stoppa fleire plasser langs Frøylandsvatnet
morgondisen hadde ikkje heilt sleppt taket
stillhet, ro til vanns og til lands




ei lisa for kropp og sjel,
ein har nesten ikkje lyst å dra vidare
trebrua over Frøylandsvatnet
speglar seg så fint i det stille vatnet



Innimellom vil eg dra på kameraet,
og innimellom vil eg leggje ut bilete her.
Denne sommaren er det sykkelen,
og lengre turer første prioritet,
i håp om å bli sterkare,
 på mange måter.
Ha ein fin dag,
der du er..
- plutseleg er eg tilbake.