lørdag 9. januar 2010

Vatn

I dag har eg vore i arkivet og plukka ut bilete
som alle har same tema...
....
same kor ein snur og vender seg
finn ein vatn i ein eller annan form


mellom tre og kratt
fjellvatn

bekker som renn nedover fjellsidene
etter regnversdagar


vatn for blomar og strå

vatn for fiskar og andre småkryp

fosser og elver

vannpytt i traktorspor

vatn i myr

bekken som sildrar og renn

våt sti etter regnver

spegelblankt vatn

islagt vatn
.....
Vatn er det viktigaste i alt liv
vert vatnet borte
blir det livlaust her på jorda.
...
Vi her i Norge er vane med at vatnet er der
i kranen, til badekaret, til vaskemaskinen
og vi bruker av det mange gonger til dagen
utan å tenkja på kor hjelpelause vi hadde vore utan.
.....
men kva den dagen det frys til is
og ikkje lenger kjem ut av kranen som vanleg.
Kva gjer vi då,
når vi ikkje lenger får vår morgonkaffi
eller kan ta vårt morgonbad....
Ja, slik er det for mange i denne iskalde tida, som vi har no.
......
Vi vakna og til frose vatn her ein morgon
det var frose i tankromet,
folk og fe stod utan det livsviktige vatnet.
Kor mange tankar som fer gjennom hovudet på ein,
på alt ein ikkje kan få gjort,
sjølv i denne dippedutt verden er ein hjelpelaus utan vatn.
....
Nå skal det seiast at vi er blant dei heldige
etter litt mekking og tining fekk vi orden på røyrane
og vatnet renn som før.
Med ovnar i tankromet og litt ekstra isopor
reknar eg med at vi skal klara oss.
.......
slik er det ikkje for alle,
eg sender ein varm tanke til dei som slit,
med å få nok vatn til dyra og til eige bruk.

onsdag 6. januar 2010

Kaldt for ein liten blom/ cold for a little flower

I begynnelsen av desember fekk eg ein blomsterkasse
til å ha utafor døra.
I den var det ein blom som må vera av det hardføre slaget.
I dag viser gradestokken -13,5
likevel lyser blomen flott i mot meg.
......
These flowers I have outside my door
even in minus 13,5 degrees
they look really nice.

knoppar klar til å springa ut

nye blomar

og blomar på hell.
Dei siste har fått seg ein knekk
og er vel helst i "live"
fordi dei er stivfrosne.......
.....
det spørs nå kor standhaftige dei er
når det ver mildver
og isen ikkje lenger held dei oppreist.
....
Ha ein fin vinterdag.

søndag 3. januar 2010

Vinterstemning på Jæren

Har køyrt ein tur langs med havet i dag

og brukt kameraet flittig undervegs.

Her er litt av det eg såg på min veg


Sola er på veg ned mot havet



skarven nyt dei siste av dagens solstråler


medan dag går mot kveld.

torsdag 31. desember 2009

Årest siste dag

Siste dag i 2009,
kanskje ein dag til ettertanke.
Kor blei årets dagar av,
kva gjorde eg med tida medan ho var her?
Har eg oppnådd noko i løpet av året,
har eg nådd nokre mål?
Her finns mange spørsmål,
når ein først tenkjer etter.

Eg starta året med stor iver og innsats på treningsfronten.
Det vart mang ein tur i ver og vind,
samt 2 økter i bassenget kvar veke.
Eg kjende snart at dette ga resultat,
noko som gav meg meir energi og lyst til å trena.
Eit anna mål for 2009 var å ta kontakt med gamle kjenningar
eg ikkje hadde sett eller snakka med på lang tid.
I den travle tida vi lever i,
er det å ta vare på vennskap
kanskje ein av tinga som vert mest "gløymt".
Våren kom og det var tid for nytt opphald på treningsleiren.
Eg var veldig spent på,
om min innsats heime gjorde positive utslag på testane.
Det var eit langt opphald og sommaren var godt igang når eg kom heim att.
Med den varmen,
vart det mindre trening heime,
men eg gjorde det beste eg kunne
med mine apparat i treningsromet i kjellaren.

Det går mot haust
og eg er igang igjen for fullt,
med turar og 3 økter fysioterapi i varmt basseng.
Prøvde meg og i tillegg,
med eit par økter i veka med symjing,
det vart litt i overkant....
Oktober: og det er igjen tid for treningsleir
Har eg forbedra resultat denne gongen?




Mine turar i naturen er avhengig av ver og temperatur.
Eg klarer mindre når det er varmt,
og må leggja opp treninga etter det.


Vel heime frå treningsleiren
skriv vi slutten av november.
Det er like før eg vert 50,
og vi har invitert 90 gjester til dansefest.
Slekt, venner, naboar, gamle kjente,
mest for at vi skal vera saman
og ha det morro.
Mykje tid går med til matlaging
og førebuing.
Noko som eg gjer med glede,
trass i mindre tid til trening.

Hei, hå, så er det jul igjen.....
med god mat og late dagar.
Igjen vert det mindre trening....
........

Ja, kva har eg oppnådd igjennom året?
Har eg nådd nokre mål?
.....
Med mine korte turar og vanngymnastikk økter
har eg fått bedre helse, meir energi
eg er meir uthaldande og kjenner at det er morro med trening.
Kroppen seier nå ifrå,
om det går nokre dagar utan aktivitet,
mot i fjor då eg måtte ha aktivitetsplan
for å få gjort unna den treninga eg ville.
Eg har nådd toppar
eg trudde var vanskelege å nå.
Har lært at det å ta tida til hjelp,
er eit nyttig redskap for å oppnå mine mål.
.....
Sjølv om eg i perioder må redusera treningstidstida,
har alle testar vist at det går framover.
Eg trener i mitt tempo,
og på den måten som passer best for meg.
Om alle andre "spring" forbi meg,
så lar eg dei berre springa,
eg fortset veien vidare på min måte.
......
Ja, eg har brukt tida godt,
eg har kome eit langt steg vidare.
Målet for 2010 må vera:
å fortsetja på same veien,
og nå endå litt lenger i det komande året.
.....

Eg vil ynskja dykk alle
Eit Godt Nytt År.

tirsdag 29. desember 2009

Morgondis

Ennå ligg snøen på jæren
aller mest i fenner og brøytekantar..
som vanleg....
I går morgon kom og disen
og la seg som eit teppe
over hus og heim.
.

bakerst ser ein toppen
av den nye kyrkja vår
.
ein får ein følelse av stillhet og ro
når ein ser ut over lanskapet.

bygda i dis
.....
Ha ei fin romjul!

fredag 25. desember 2009

Tradisjon

Midt på dagen kvar julafta
har vi som tradisjon å samlast
til risengrynsgraut, kaffi og småkaker.
Her møtest gamal og ung
slekter og vener,
til eit samvær i høystanden
i ei gamal løe i Time soknå.
.

Garden er gamal og verneverdig
lite modernisering er gjort,
først no i haust fekk ungjenta lagt inn vatn
til do og dusj... i løa...
.
Denne vesle løa
gjev husrom for mang ei sjel kvart år.
Løa er slitt av tidens tann
og blitt ganske gjesen etterkvart
så "festplagget" her er varmedressen.
.
Store grautgryter må til, når så mange samlast,
og eg var ein av to, som koka graut i år.
Melka kjem rett frå melketanken
til ein av bøndene i slekta.
.
alle bidreg med litt kvar

serveringa er på enklaste måte
plast og papir, slik at ingen skal stå att med oppvasken.
Sidan vi er så mange, har vi fleire mandler i grauten,
og det viser seg at i denne tallerken ligg ein av mandlane.
I år som tidlegare år,
havna største delen av premiane i mitt hus.


på ein halmball kan ein forsyna seg sjølv med tilbehør

Hunden Toby fekk ikkje vera med på festen inne,
men storkosa seg ute med ballen sin
og alle ungane som kom til gards.
.
slike gamle løer huser nok mange gamle minner


sauen Mia fekk lov å koma inn å helsa på

Jæren fekk kvit jul i år
det vart ei flott ramme rundt vår samankomst.

Den gamle travarhesten Støtmai
hadde ikkje lyst å koma fram,
ho vart nok litt skremt av alt oppstyret på garden.
Her har ho gøymt seg blant trea, på trygg avstand.
.
Ha ei fin julehelg!

onsdag 23. desember 2009

GOD JUL

I dag skriv me 23. desember
dagen før dagen...
for mange ein travel dag
for å få unna dei siste førbuingane.
....
Litt innkjøp, golvvask og rydding
er det som står att her
før alt er klart for julehelga.
.

Ein nabo kom innom med denne oppsatsen
.
den fekk sin plass på denne fine duken,
som min far broderte for mange år sidan.

Bestemor som døde for ein del år tilbake,
gav oss alltid sjølvlaga gåver til jul.
Kor mange sokkepar ho laga gjennom året er uvisst,
men det var nok til alle etterkomarane.
(5 barn, 14 barnebarn, 12 oldebarn m. ektefeller osv.)
Alle venta på desse sokkane,
og den første kommentaren til min eldste son då oldemora døde, var:
"Får eg ikkje lenger sokker til jul nå...."
.....
Hadde ho litt tid til overs
broderte eller hekla ho andre ting
som ho la saman med sokkane....
denne bjødla er ein av hennar mange smågåver.
.....
Med gode juleminner i tankane
vil eg ynskje dykk alle
God Jul.