søndag 16. august 2015

Helleren, Jøssingfjord

Du har kanskje kjørt forbi, eller sett foto av dei to små husa
under Helleren i Jøssingfjord
 - begge husa er frå 1800 talet,
men deler av bygningane kan vera eldre.
Sannsynlegvis har det vore fast busetning under helleren 
sidan 1500 talet
 - begge husa har original maling,
og har aldri hatt takstein
 - husa står i le under helleren.
Helleren er stor og på det djupaste er dråpefallet ca 10 m.
- det er mogleg å gå inn i husa.
- ein vakker liten plass...

torsdag 13. august 2015

Sol. skyer,sand og sjø på Orre strand

Med Friluftshuset på Orre som utgangspunkt
- går turen til Orre strand, 
som er Norges lengste sandstrand (5 km)
- her er det skyer, bølgjer, sand og sjø som fanger min interesse
- eg rusler langs stranda og på høgaste topp (sanddynene)
- trass i godt vær 
(kanskje litt kaldt til sommar å vera)
er det enno få mennesker på stranda
å sitje på høgaste topp,
sjå ut over sjø og land,
kjenna vinden og lukten av sjø,
lytta til bølgjer og fuglesang,
det er ei lise for kropp og sjel..
- skyene var både runde og lange,
lyse og mørke,
ein kan drøyma seg vekk i fantasiens verden
og gløyme både tid og stad
Orre strand,
ei av mange vakre sandstrender
 langs Jærkysten

lørdag 8. august 2015

På "oppdagingsferd" i heimbygda

Dette er innlegg om ein liten del av bygda.
Veien eg vandrer på er ikkje så lang,
men eg fann mange interssante og fine ting å sjå på undervegs,
så dette blir eit litt lenger innlegg enn vanleg.
Eg har vandra langs veier som eg oftast køyrer forbi.
Når ein velger bort bilen, 
ser ein på landskap og det ein måtte møte på vegen,
 med heilt andre auger.
Mi "oppdagingsferd" starta ved Nærbø gamle kyrkje
 - herifrå ser ein mot Hauen/Bjorland
 - eg passerer eit lite fint gardstun
 - bøndene haustar gras i godværet
-  eg rusler mot Lode
 -  innover veien som går gjennom Lode,
mellom dei to hovudvegane, Nærbø - Vigre og Nærbø - Næsheim
 - ein får eit anna inntrykk av bygningar/landskap 
når ein ikkje hastar forbi i ein bil
- eg passerer Lode Ride og terapicenter
 - eg passerar mange steingardar
 og gardsbruk
 - mark og eng
 - eg ser nedover mot Næsheim/Njærheim
 -den gamle mølla på Lode, 
som no er under ombyggjing til andre formål
 - Köhlerpaviljongen
 - blå himmel, nokre skyer, steingard og grøne marker
-vakkert i mine auger
 - hønshusa på Næsheim
 - eg går over hovudvegen Nærbø-Nesheim
 - forbi Stølen
 - grasballer vert køyrt til lagringsplass
 - ennå ligg ein del grass på markene, klar til innhausting
 - eg ser mot brua på Kaffiholen og Rimestad
 - eg svinger inn på veien mot Kaffiholen
 - på andre sida av bondens mark ligg Rimestad
 - mot Kaffiholen
 - Håelva mot Søyland
- Håelva mot Torland
 - ved Kaffiholsbrua ender mi vandring i dag
 - dette var morro,
kanskje det snart vert ei ny "oppdagingsferd",
i ein annan del av bygda...