søndag 10. februar 2019

Blått i blått ved hav og elv

Sol og skyer
sterk havdur - bølger
kvakkande ender i flokk
vårlig i lufta
vilt og vakkert
 det mektig å rusle langs det buldrande havet,
og sjå bølgjene kome store mot land
 skyer i mange former og farger sig sakte forbi
 det er vårlig i lufta
 elva er flaumstor
 ender letter i flokk
 eller tek livet med ro på kvar sin stein
 skarven på den ytterste steinen
driv på med sitt
sjølv om store bølgjer herjer rett utanfor...
 den vesle fyrlykta på Håtangen
 skyene blir større og mørkare
- heime i hagen er snøklokkene i blomst
- det går mot vår...

søndag 3. februar 2019

Vinter i Garborg sitt rike

Turen går til Knudaheio,
der diktaren Arne Garborg 
var mykje om sommaren
 plassen ligg i Time Kommune,
og litt høgare enn flate Jæren.
her er oftast meir vinter og snø,
men og her tek vinden tak,
og blæser snøen saman i fenner
 somme plasser var det lett å gå,
andre plasser vart det litt djupare snø og tyngre å gå.
 her er vindstille,
sola varmer
og roen har senka seg,
det var bare så fint.
 nesten litt "påskestemning"
her mellom berg og knaus
 vinden har sett sine spor
 Knudaheio - skrivarstova til han Arne
 snøfenner langs steingardane
 porten måtte ein klatre over
i midten, oppå toppen ser ein steinansiktet av Arne G
derifra ser ein langt ut over heile Jæren
det heilt til høgre er ein varde
Ein fantastisk fine vinterdag på Jæren

tirsdag 29. januar 2019

Snø og varierande lys

Det var snø i lufta og frisk vind
då eg starta turen langs med havet
  i løpet av kort tid,
har snøen lagt seg som eit teppe på sandstranda
 det som kan sjå ut som grått i grått,
hadde mange fargenyanser,
og var eit vakkert skue.
Det stoppa og snø,
og fargane på himmel og skyer endra seg.
 blått, grått, svart, kvitt - eit magisk lys
ikkje så lett å fange med linsa,
men eg håper du får eit inntrykk av magien
 eg måtte stoppe ofte,
bare for å nyte og fange magien
 ein periode kikka sola framom
 det forsterka magien og fargenyansene i skyene
 resten av bileta skal du nyte i fred og ro
utan mine kommentarer

 det mørkner igjen,
og meir snø er på vei
 nesten som eit tak som legg seg over sjø og  strand
 der kom snøen..
og eg er nesten kom fram til dagens mål...
ein opplevelsesrik tur sjø og strand