lørdag 27. februar 2021

Ein runde på eigne tufter

Sol og blå himmel
vindstille og friskt
denne dagen var det spor,
som fanga min interesse
hjulspor,
skispor
spor frå farne tider

spor som fekk meg til å tenkja tilbake

spor i form av øydelagd steingard
spor etter barns leik på ski og akebrett
spor etter den som har vandra her før meg
spor i form av skygger






nye spor mot gamal grind
 Om ein berre tek seg tid til å sjå etter,
finns det nye og gamle spor over alt.
Ha ein fin dag der du er..

fredag 26. februar 2021

Is og snø, der Håelva møter havet

Mange kalde dager på rad,
sola skin frå blå himmel
Håtangen og voien(vågen)
ligg der Håelva møter havet.
isen legg seg og vert tjukkare for kvar dag,
rundt steiner og sand
endene ser ikkje ut til fryse i det kalde vatnet

ein iskant er danna,
der bølgjer slår mot sand



 det er bare å nyte,
medan vi har slike fine vinterdager

søndag 21. februar 2021

Vinter og snø, Refsnes og Nærland

Ein ny fin vinterdag på Jæren
mangfoldige spor viser  stor aktivitet og mange på tur
minusgradene kryp ned mot 14-15 om natta,
is vert danna over alt


og skispor dukker opp over alt på Jæren
strender over heile Jæren er fulle av skispor,
i sanddynene og


Det er bare nyte den tida vi får ha skikkelig vinter,
det er heller sjeldent på desse kanter

Friskt i solnedgangen

Etter fleire fantastiske solnedganger sett heimanfrå,
fekk eg endeleg anledning å ta turen til stranda,
i solnedgangstida.
Sola var sparsom med kveldsfargane,
men vakkert var det likevel
litt vind og minus 9 grader
gjorde det heller kjølig
det er så fredfylt å vandre langs havet i solnedgangen,
anten det er varmt eller kaldt


stillheten senker og mørkret legg seg over landskapet
litt kald i i kroppen, iskald på fingrer,
er det godt å setja seg i bilen,
og køyre heim til ei stove,
med god varme frå vedovnen. 

fredag 19. februar 2021

Snø og vinter Nærland/Håtangen

3 veker med kulde og snø,
flotte solrike dager,
mange år sidan sist
vi hadde slike vinterdager på Jæren
Voien, der Håelva møter havet
Håtangen
kvit snø og is mot blå himmel og elv
nesten som eit eventyr






Eg ligg litt etter med innlegg frå vinterdager på Jæren,
dei får kome sånn litt etter kvart.
 Lag deg ein god dag,
der du er.

søndag 31. januar 2021

Heima på Bø

Etter ein solrik og fin morgon,
kom skyene sigande inn frå havet.
fortsatt er det vindstille,
og gradestokken kryp over 0
skyene legg seg først som eit tynnt slør
men vert både tjukkare og mørkare etter kvar

kanskje har vi meir snø i vente


det er så friskt og godt å vera ute 
eg håper at snøen vert liggjande ei stund