søndag 14. juni 2009

Livsteikn frå Sogn

Her går det slag i slag heile dagane, og har ein litt tid til overs går dei fleste ein tur eller to utanom programmet.
Mange har mestra mykje meir enn dei sjølv har trudd at dei kan, både på tur og i basseng.
Hytte 1 har siste veke laga middag, siste dag for oss i dag - heldigvis. Det vert då lite tid til andre ting når dagens faste plan er gjennomført.
Utruleg kor lang tid matlaging, (+ bordsete med diskusjonar og oppvask) tek, når alt skal lagast frå botnen.
Ingen halvfabrikata her i gården nei.

Frå ein av treningssalane har vi denne flotte utsikten, når vi syklar eller går på tredemølle.
Ein kan drøyma seg vekk og gløyma at ein eigentleg tykkjer det er litt kjedelig å sykla utan å koma nokon veg.
I det siste har vi byrja å telja antal metrar ein sym i kaldt vatn bassenget. Fleire har nådd 1000 meter og er ivrige for å halda seg der eller etter kvart auka lengda.
Dei som ikkje er så støe i symjinga, dei vannjogger. Det er litt av ein teknikk/fart enkelte har oppnådd, når dei sit på skumpølsa og "padler" med armer og bein.

Stadig står det felles tur eller eigen tur på programmet. Felles turane går stadig til nye og høgare toppar, med ei alternativ rute for den som er litt mindre sprek.

Mange oier og sukker over lengde og høgde på ruta som er sett opp, og har lite tru på at det skal gå. Når ein bare tek utfordringa og står på, klarer ein det meste.

Me har blitt mykje sprekare og testane går rette vegen.

Borte i skulehagen har dei sett opp dette skiltet. Om du lurer på kor vi er i verda, kan du laga deg eit reknestykke ut frå desse tala her....... :-)


Takk for alle gode tilbakemeldingar. Det vert lite kommentarer tilbake, det tek så uendeleg mykje tid med denne dårlege internetlinja vi har her.
Ha ei fin veke alle saman!

3 kommentarer:

  1. Så flott at du merkear at treningen hjelper.
    Det er jo meningen.
    Flotte bilder av fin natur i Sogn.
    Ja mat laget fra bunn tar tid. Jeg prøver å gjøre det så ofte som mulig her heime, men det er ikke alltid en har så mye tid.
    Ønsker deg ei flott ny uke :)

    SvarSlett
  2. Hei. Takk for hyggelig helsing. Eg kryssar fingrane mine for at alt er OK men det er jo alltid slitsamt å venta. Eg har venta i nøyaktig 6 mndr. Det er litt i lengste laget.
    Det virka som dåke har det kjekt der oppe. Ha ei fine veka og hils Emmeline fra meg.

    SvarSlett
  3. Hei.
    Kjekt å følgja med deg- og så er det så mange flotte bilete! Ha det fortsatt fint!

    SvarSlett