tirsdag 3. november 2009

Denne bakken er utgangspunktet for fleire av turmåla her...
og starten på mine morgonturar....

han ser kanskje ikkje så bratt og tung ut
men eg skal sei tunga hang ned på knea og pusten gjekk
dei første gongane vi kava oss opp her....
her er mykje skog rundtom
og i desse tider ligg lauvet over alt,
når eg stod klar og skulle ta dette biletet
kom det eit vindkast og virvla lauvet rundt og rundt
slik er landskapet her vi er
innerst i ein fjordarm i Flekkefjorden.
For den som lurar, så er eg snart frisk og i full aktivitet igjen...
lågtrykket kom og hit
og dermed vart internet ganske så tregt her
det er grunnen til at eg ikkje har skreve eit innlegg dei siste dagane...
Ha ein fin dag!

1 kommentar:

  1. Haustlege og fine bilde :)
    Eg hadde trengt å gått litt i dei bakkane eg også :)

    SvarSlett