søndag 3. oktober 2010

Gloppedalsura - i regn og tåke

Det er haust og det ruskar ute......
og det freister ikkje mykje til å gå på tur.
.
Vi tok ein tur med bilen i staden.
Regnet dett i bakken og vinden tek godt mellom fjella og,
så eg må bare innrømma at fleire av bileta vart tekne frå mitt sete i bilen.
.
Gloppedalsura sett frå Byrkjedalsida.
.
Gloppedalsura blei skapt for 10 000 år sidan
då isbreen smelta bort frå Gloppedalen,
og vert omtala som Nord Europas største steinrøys.
.
Det er enorme steinblokker og bilen midt i biletet vert liten i forhold.
.
Eit gamalt sagn seier at det i gamle dagar låg ein gard i Gloppedalen,
men folket der var gudlause, dei drakk og slosst i dei hellige juledagane.
Da falt fjellet ned og begrov garden,
men i sju samfulle år kunne folk høyra ein hane gala under steinane
Den hadde kome oppi ein kornbinge....
.
- me forlet ura...
.
Gloppedalsura sett frå Veen.
.
Etter ein kort stopp
går ferda vidare på smale og svingete vegar.

6 kommentarer:

  1. Faktisk flott med bilete teke i ruskevær også.
    Litt av ein dimensjon på dei steinane..

    Ha fin veke :-)

    SvarSlett
  2. Hei Rut,
    Gråvær til tross, flotte bilder ble det. Tåka gir fjellene et eget lysskjær, og det ser ut som det er en uendelighet av fjell lengre innover i noen av bildene.
    Ble regn i Trøndelag i dag også, og jeg har hatt innedag med kortlaging og brødbaking.
    Ha ei flott ny uke:)

    Berit.

    SvarSlett
  3. Flotte bilder i friskt høstvær! Lurt å ta en kjøretur når det ikke var vær til å gå!
    Ønsker deg en fin ny uke! -Margit-

    SvarSlett
  4. Vad fint att få följa med på dina tur och se en hel del nytt.
    Kram Birgitta

    SvarSlett
  5. Flotte bilde frå Gloppedalsura.
    Hausten og det tunge skydekket passa til det dramatiske landskapet.

    Eg likte godt serien frå stranda på innlegget under her også.
    Du er ein framifrå fotograf Ruth!

    SvarSlett
  6. Amazing landscapes ~ beautiful photos!

    SvarSlett